OPPDATERT - OPNA FOR AVGRENSA AKTIVITET Kommunale leikeplasser og ballbingar er stengde

OPPDATERT - OPNA FOR AVGRENSA AKTIVITET  Det same gjeld alle utandørs idrettsanlegg som ballbingar eigd av kommunen.

Klikk for stort bileteBallbinger, fotballbaner, leikeplassar og andre leike- og idrettsområder eigd av kommunen er no stengde. 

OPPDATERT - OPNA FOR AVGRENSA AKTIVITET 

2. april opna kriseleiinga i Hareid kommune for å opne leikeplassar, fotballbanar og ballbingar for avgrensa aktivitet. Sjå denne lenka for meir informasjon

For å unngå spreiing av koronavirus, er råda frå nasjonalt hald om å halde minst ein meters avstand frå andre utandørs. Ein bør heller ikkje vere meir enn fem personar saman.

Kommunen har fått meldingar om at leikeplassar, ballbingar og liknande er blitt samlingspunkt under koronakrisa. Då er det vanskeleg å halde seg til smittevernråda.

Derfor har kriseleiinga i Hareid kommune bestemt at alle leikeplassar, ballbingar og andre utandørs idrettsanlegg, eig av kommunen, er stengde.