OPPDATERT: Røysetvegen stengd ved 149 - Kaldholbruene også stengd

Klikk for stort bilete Følg med på heimesida for å sjå kor vegen er stengd til ein kvar tid.

Onsdag 16. januar er Røysetvegen stengd ved nummer 149. Sidan Kaldhol-bruene også er stengd, må dei som skal til eigedommane nord for denne adressa køyre inn frå Kvitholvegen. Dei som bur sør for denne adressa, må køyre rundt Snipsøyrvatnet eller Melshornet.

Gravinga, og dermed punktet vegen er stengd, vil flytte seg sørover med ein fart på om lag 50 meter per dag (mot Ulset). Følg med på skiltinga, heimesida eller Facebook for å få oppdatert status på kva veg du må køyre.

Arbeidet er venta å vare til i alle fall ut februar.

Husnummera stig jo lenger sør ein kjem på vegen. Døme: Viss vegen er stengd ved nummer 150 og du skal til nummer 130, må du køyre inn frå nord. Skal du til nummer 170, må du køyre inn frå sør.

Kaldhol-bruene var i dårlegare stand en vi fyrst trudde. Bruene er derfor framleis stengd medan kommunen omprosjekterer løysingane. So fort oppdaterte teikningar er klare, vil arbeidet starte opp igjen. Jobbar med å få ferdige bruane so fort som mogleg.