Oppdatert: Vassbrot på Grimstad er fiksa

Oppdatert: Fiksa

Vassbrotet er tett på Hareidsvegen så vegen blir innsnevra og har nedsett hastigheit.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Oppdatert kl 0900, onsdag 13. januar:

Vassbrotet blei fiksa tysdag ettermiddag. Bebuarane i området vil kunne oppleve litt gromsete vatn i starten sidan trykket har vore tatt ned. La vatnet renne litt i springen, så forsvinn det.

Oppdatering kl 1300 tysdag 12. januar:

Vi har framleis ikkje klart å lokalisere lekkasjen så spesifikt at vi kan grave. Vi har derfor henta inn ekspertise som skal hjelpe oss. Skulle det bli aktuelt å stenge vatnet, vil dei råka husstandane få tekstmelding.

Oppdatering kl 1550, måndag 11. jan:

Det konkrete lekkasjestedet har vist seg vanskeleg å finne. Arbeidet er no avslutta for dagen, og det blir ikkje stengt noko vatn i dag. Vi held fram i morgon. Det blir sendt ut ny tekstmelding når vasstenging blir aktuelt.

***

Vi fekk melding om vassbrotet/lekkasjen i helga, på grunn av tap av trykk i store delar av leidningsnettet. Lekkasjen er no lokalisert og vi startar graving måndag føremiddag.

Brotet er rett ved Hareidsvegen (på nedsida) mellom Trudvang og hønseriet. Vegen vil bli snevra inn og hastigheita på vegen er sett ned til 40 kilometer i timen medan arbeidet pågår.

Når vi kjem ned til leidninga vil vatnet bli stengt for fleire av husstandane på Grimstad. Husstandane som kan miste vatnet heilt har fått varsel i via tekstmelding.

Vi kan på noverande tidspunkt ikkje seie kor lang tid arbeidet tar, men vi jobbar så raskt vi kan.

 

Denne saka blir oppdatert fortløpande.