Oppdaterte koronatiltak 18. juni: No kan du ha besøk av fleire

Regjeringa held fram med gjenopninga. Her er ei oversikt over dei nye råda og reglane.

Klikk for stort bilete 

– Smittetallene går ned, antall sykehusinnleggelser synker og rundt halvparten av befolkningen over 18 år har fått minst én vaksinedose. Norge er i rute, og vi er klare for å gå til trinn tre i gjenåpningen, sa statsminister Erna Solberg på gjenopningspressekonferansen i dag, fredag 18. juni.

Les meir frå pressekonferansen her.

Hareid følgjer dei nasjonale råda og reglane. Under følger eit samandrag av desse.

Merk: Råda gjeld med ein gong, medan nye reglar trer i kraft frå søndag 20. juni klokka 12

 

Definisjonar:

Fullvaksinert:

  • Du har fått begge dosane med koronavaksine og det har gått minst éi veke sidan siste dose.
  • Hatt covid-19 og har fått éin dose med koronavaksine for over éi veke sidan
  • Fått éin vaksinedose og har testa positivt på covid-19 minst tre veker etterpå (og du er ute av isolasjon)

Beskytta:

  • Er fullvaksinert (sjå over)
  • Har fått éin dose og for meir enn tre veker sidan, men ikkje meir enn 15 veker sidan.
  • Har hatt covid-19 i løpet av dei siste 6 månandane

 

Råd – gjeld med ein gong

  • Hald minst 1 meter avstand
  • Vaks hendene ofte i såpe og vatn. Nytt sprit når vatn og såpe ikkje er tilgjengeleg
  • Hald deg heime om du er sjuk

 

Sosial kontakt

  • Du kan ha besøk av inntil 20 gjestar
  • Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort sjølv om det blir fleire enn 20.
  • Du treng ikkje telje med personar i beskytta gruppe
  • Råd om avstand gjeld, men beskytta personar kan ha nær sosial kontakt med andre beskytta og ubeskytta som ikkje er i riskogruppene.
  • Vi oppmodar alle om å møtast utandørs.

 

Reiser

  • Du kan reise innanlands
  • Hald råda som gjeld i den strengaste kommunen viss du er på reise. Døme viss du bur i Hareid og reiser til kommune med strengare råd, må du følgje desse. Viss bur i annan kommune enn Hareid, og som denne kommunen har strengare råd enn Hareid, må du følgje råda frå heimkommunen din når du besøker oss. Dette rådet gjeld ikkje får personar i beskytta gruppe.
  • Personar som ikkje er beskytta bør vere ekstra varsame på reise slik at vi unngår smittespreiing mellom område.

 

Skular og barnehagar

  • Det er opp til kommunane og vurdere tiltaksnivå grønt, gult eller raudt.
  • I Hareid kommune er nivået for tida grønt.

 

Arbeidsliv

  • Det er mogleg med auka oppmøte på arbeidsplassen.
  • Det er opp til arbeidsgivar å vurdere om heimekontor er naudsynt i ljos av den lokale smittesituasjonen.
  • Det må vere mogleg å halde 1 meter avstand.

 

Arrangement – private og offentlege

(Her kjem råda, les lenger nede for reglane som gjeld)

  • Hald arrangement utandørs om mogleg.
  • Personar som ikkje er beskytta, og som kjem frå område med høgt smittetrykk, bør ikkje delta/oppsøke arrangement i andre kommunar.

 

Idretts, kultur, og fritidsaktivitetar

  • Ha utandørsaktivitetar heller enn innandørs.
  • Unnatak for 1-metersregelen både utandørs og innandørs dersom det er naudsynt for å utøve aktiviteten. Dette opnar for trening i kontaktidrett for vaksne.
  • For vaksne er rådet å ha grupper på 30 personar innandørs og 40 utandørs.
  • Toppidrett kan utøvast somnormalt. Det betyr at seriespel kan gjennomførast som normalt. (Merk: fotballkampar og andre kampar/konkurranser er arrangement og må då følgje reglane for arrangement. Sjå under.)

 

Reglar – gjeld frå søndag 20. juni kl 12

 

Idretts-, kultur og fritidsaktivitetar

  • Barn og unge under 20 år kan delta som utøvarar på idrettsarrangement eller konkuranse på tvers av regionar/kretsar både ute og inne utan å måtte halde krav om 1 meter avstand.
  • Vaksne i breddeidretten får unnatak for 1-metersregelen når dei deltar på idrettsarrangement som kampar og stemner i regionen/krinsen. Dette gjeld både ute og inne.

 

Arrangment

 

Private samankomster:

  • Inntil 100 personar på offentleg stad eller i leigde/lånte lokaler inne og ute.

 

Offentlege arrangement:

  • Utan test eller koronasertifikat
    • Faste tilviste plassar:
      • Innandørs: Inntil 1000 personar delt i to kohortar med 500 i kvar
      • Utandørs: Inntil 2000 personar delt i fire kohortar med 500 i kvar
    • Utan faste tilviste plassar
      • Innandørs: Inntil 400 personar delt i to kohortar med 200 i kvar
      • Utandørs: Inntil 800 personar delt i fire kohortar med 200 i kvar
  • Med test eller koronasertifikat
    • Faste tilviste plassar
      • Innandørs: maks 50 prosent kapasitet med opptil maks 2500 personar delt i fem kohortar med 500 i kvar
      • Utandørs: maks 50 prosent kapasitet med opptil maks 5000 personar delt i ti kohortar med 500 i kvar
    • Utan faste tilviste plassar
      • Innandørs: maks 50 prosent kapasitet med opptil maks 1000 personar delt i to kohortar med 500 i kvar
      • Utandørs: maks 50 prosent kapasitet med opptil maks 2000 personar delt i fire kohortar med 500 i kvar

 

Uteliv, serveringsstader og skjenking

  • Skjenkestoppen blir oppheva
  • Det vil framleis vere innsleppstopp ved midnatt
  • Det vil framleis vere krav om registrering, bordservering av alkohol, redusert tal på gjestar, sitjeplasser til alle gjester og avstand.