Oppdaterte reglement for dei folkevalde organa

I førre møte vedtok kommunestyre revisjon av reglementa til dei folkevalde organa i Hareid kommune.

Klikk for stort bilete  

Revisjonen var naudsynt fordi vi denne hausten får ei ny og oppdatert kommunelov. Det måtte derfor gjerast endringar for å tilpasse reglementa til loven, ikkje minst måtte ein endre alle stadene reglementa viste til gamal lov.

Dei oppdaterte reglementa finn de her.

Vi er ikkje ferdige med revisjonen. Kommunestyret vedtok også at dei ønsker eitt felles reglement for alle dei folkevalde organa, ikkje slik som i dag der kvart organ har sitt eige reglement. Dette, mykje meir omfattande, arbeidet startar på nyåret. Resultatet skal leggast fram for politikarane fyrste halvår 2020.