Erlend Friestad
Fredag er det venta svært mykje snø, lokalt 30-50 cm i løpet av 24 timar i området frå Nordfjord til sørlege delar av Trøndelag. I fjellet kan det kome meir. I tillegg er det òg venta kraftig vind i området med nordvest full storm seint torsdag kveld og først på fredag. Dei kraftigaste byene er venta sør i Trøndelag tidleg fredag, medan i nord i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal er dei kraftigaste byene venta fredag ettermiddag.
Hareid kommune har alle brøytemannskap på jobb, men når det kjem så mykje snø på ein gong, må vi prioritere. Hovudvegar og kryss blir teke fyrst, sidevegar sidan.
Vi oppmodar alle om å køyre etter forholda og berekne god tid.
For å gjere jobben så enkelt som mogleg for brøytarane bør alle parkere godt utanfor vegen på eigen eigedom.
Ved store snømengder er det også risiko for straumbrot.
På varsom.no kan du lese meir om varselet.
LES OGSÅ: Slik varslar Hareid kommune om uvêr