Ordførarvalet blir torsdag

Fyrstkomande torsdag er det fyrste kommunestyremøte i ny periode. Då skal mellom anna ordføraren bli vald.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad/Hareid kommune

I det konstituerande møtet er det ei rekke val som må gjerast, ifølgje lova. Dei rollene og utvala som må veljast er:

  • Ordførar
  • Varaordførar
  • Formannskap
  • Kontrollutval

Det er også lagt opp til at kommunestyret skal velje

  • Næring- og miljøutval
  • Levekårsutval
  • Representantar til KS sitt fylkesmøte
  • Valutval
  • Hareid kommunestyre sine representantar i representantskapet til SSR

Valet vil skje på følgande måtar:

Personval/leiarval

Ordførar og varaordførar (og dei andre personvala) vil bli vald med fleirtalsval. Då vil  Avrøystinga vil vere opa – dvs ikkje skriftleg. Den som får meir enn halvparten av røystene vil bli vald.

Dersom ingen får meir enn halvparten av røystene, vil det bli ein ny valomgang. Den som får flest røyster då, vil bli vald. Er det likt mellom to eller fleire kandidatar, blir det loddtrekning.

 

Val til utval og formannskap

Val til folkevalde organ kan skje på to måtar:

Avtaleval: Dersom alle representantane blir samde om korleis utvalet skal sjå ut, leverer dei eitt felles framlegg som so blir samrøystes vedteke. Dersom berre ein representant motsett seg avtaleval eller røyster mot fellesframlegget, vil ein måtte nytte den andre valforma.

Forholdstalsval: Kvart parti eller koalisjon leverer ei liste til val. Røystetalet på lista blir delt på delingstala 1, 2, 3 osb for å få kvotientane. Dei partia/gruppene med høgast kvotientar får sine inn i organet.

 

Det er krav til kjønnsbalanse i folkevalde organ. Både fellesframlegg ved avtaleval og listene ein røyster over i forholdstalsval må ha minst 40 prosent av kvart kjønn (evt ein av kvart kjønn om det berre er tre medlemmar).

Ønsker du å få alle detaljane om vala og korleis dei vil skje, kan du lese sakspapira her.