Overåsanden er klar! No kan sommaren kome!

Utseksjonen har rydda, søppeldunkar og flytebrygge er på plass og sanitærbygget er gjort klar.

Klikk for stort bileteOveråsanden er raka for tang og tare av uteseksjonen i Hareid kommune. Harald Berstad/Hareid kommune   

Veke 23 var uteseksjonen på plass med traktor for å rake stranda for tang og tare. Same veke klargjorde eigedomsavdelinga sanitærbygget.

Sanitærbygget blir opna frå fredag 5. juni. Det vil ha opningstid frå kl 09-21.

Dusjane i sanitærbygget vil vere stengde, medan toalettene vil vere opne. 

Sanitærbygget vil bli reingjort ein gong kvar kvardag, men to gonger per dag i helgar og når det er fint ver.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen? Abonner på vårt nyheitsbrev.

Vi oppmoder alle besøkande om å forlate området, stranda og sanitærbygget på same vis som dei ønsker å finne det.

 

Klikk for stort bileteSanitærbygget vil vere ope frå kl 09-21 alle dagar. Harald Berstad/Hareid kommune