Øvstevegen i Brandal stengt for gjennomkøyring

Vegen blir stengd ved Storelva på grunn av utbetring av bru.

Klikk for stort bilete  

Som følgje av naudsynt utbetring av Steinbrua over Storelva i Brandal vert Øvstevegen stengt for gjennomkøyring ved brua. Arbeida med brua tek til ein av dei næraste dagane og vil sannsynlegvis vare til ut januar 2020.