På fylkestoppen i lærarutdanning

Hareid kommune er blant dei beste i klassen når det gjeld å ha lærarar med nok utdanning i faga dei underviser i.

Klikk for stort bilete Pexels.com

Frå 1. august 2025 må alle som underviser i basisfaga norsk, matematikk og engelsk på barneskulen ha minst 30 studiepoeng i faget. For å undervise i ungdomskulen er kravet 60 studiepoeng.

Berre fire kommunar i Møre og Romsdal er betre enn Hareid på å oppfylle desse kompetansekrava. Best i fylket er Vanylven og Ørsta der berre 9 prosent av lærarane ikkje har nok utdanning i faga dei underviser i. For Hareid er talet 14 prosent, melder Sunnmørsposten.

- Vi har 10 lærarar som tek vidareutdanning i år. Vi er godt i rute, slik at alle våre lærarar skal oppfylle kompetansekrava innan 2022, tre år før vi må, seier kommunalsjef for læring og kultur, Eivind Longva.

Hareid kommune tilset heller ingen nye lærarar som ikkje oppfyller krava i minst eit av basisfaga.

Brote ned på fag, ser tala slik ut: 12 prosent av dei som underviser i norsk manglar studiepoeng i faget, det same gjeld for 26 prosent av matematikklærarane og 4 prosent av engelsklærarane.

Ønsker du å undervise i Hareidsskulen? Vi har fleire ledige faste og mellombelse stillingar ledige frå 1. august 2018.