Pappatreff for heimeverande fedre

Helsestasjonen startar opp eit nytt tilbod til fedre som er heime i pappapermisjon.

Klikk for stort bilete Andreas Wohlfahrt/Pexels

23. september, klokka 13.00, startar helsestasjonen opp samlingar for fedre som er heime i pappapermisjon. Det vert samlingar annakvar måndag. Ta med deg barnet ditt og møt opp på helsestasjonen og ha ei hyggelig stund saman med andre fedre i same situasjon.

Det  vert to helsesjukepleiarar tilstades og vi vil på kvar samling velge eit tema som vi kan samtale rundt, men først og fremst vil det vere gruppa som bestemmer korleis desse samlingane skal vere. Tema kan vere alt frå papparolla, førstehjelp til små barn, kosthald til små barn, motorisk utvikling, samhandling med barnet osb.