Parken – siste sjanse til å seie di meining

Vi er heilt i slutten av planlegginga av parken. Før vi sender teikningane ut på anbod, vil vi høyre med dykk ein siste gong.

Klikk for stort bileteSlik ser landskapsarkitekten føre seg atparken kan bli. Sjå høgoppløyseleg PDF i artikkelen for detaljar.

Klikk for stort bileteParken slik han ser ut i dag.Klikk for stort bileteSlik serlandskapsarkitekten føre seg at parken skal lyssettast.Ny park er etterlengta og i sommar skal han endeleg settast ut på konkurranse og i haust håpar vi at arbeidet med fyrste byggetrinn er i gang!

Parken - saman med miljøgata, nytt helsehus og ny coopbutikk vil gi Hareid eit stort løft. Målet er å stimulerer til nysatsing i Kjøpmannsgata og bulyst i kommunen.

Ein av dei tinga som blei etterspurd i innbyggarundersøkinga var møteplasser. Denne parken er full av dei! Kva med å ta middagen som ein piknik ute? Spele eit slag sjakk med naboen? La ungane leike i vassrenna? Klatre, springe, ake, spele bordtennis? Høyre på ein fredagskonsert - eller til og med sette opp ein fredagskonsert i paviljongen? Eller «berre» ta ein prat på benken?

Teikningane vi har lagt inn her er draumescenarioet, og vi kan ikkje få alle apparata vi ønsker oss. Noko må vi legge bort, og noko må vi ta inn seinare. Vi vil derfor høyre med dykk:

Kva er viktig for at parken skal bli ein god møteplass?

So seint i prosessen vi er no, er mykje lagt. Dei forskjellige områda av parken er mellom anna definert, men innspela frå dykk er viktige for å kunne prioritere. Det er dykk parken er for!

Svar på dette korte spørjeskjemaet for å bidra i «minihøyringa».

Frist for å svare er 16. juni.

Detaljerte teikningar: