Pausar vaksinering med Astrazeneca

Folkehelseinstituttet (FHI) er føre var – og stanser all vaksinering mot covid-19 med vaksinetypen Astrazeneca inntil vidare. Dette gjeld også i Hareid kommune.

Pexels.com  


Dette skuldast eit dødsfall i Danmark på grunn av ein blodpropp ein person fekk i etterkant å ha fått vaksine. For å vere sikre på at det ikkje er noko samanheng, blir vaksineringa med Astrazeneca stansa inntil vidare.

- Vi vil avvente informasjon om det er ein samanheng mellom vaksinene og dette tilfellet med blodpropp, seier Geir Bukholm, smitteverndirektør ved FHI i ei pressemelding på FHI sine nettsider.

Det er ikkje konkludert med at det er ein samanheng, så vaksinepausen skulast eit forsiktigheitsprinsipp, medan dei sjekkar om det er ein samanheng.

Spørsmål om vaksinering i Hareid kommune? Få svar her.

Det har ikkje meldt inn tilfelle av blodpropp etter vaksinering i Norge. Til saman har 121 820 nordmenn fått Astrazeneca-vaksine. Hareid kommune har også fått 200 dosar av denne typen og har brukt ein del av dei. Innbyggarar som har avtale om vaksinering med Astrazeneca vil bli kontakta. Dei må anten vente, eller få Comirnaty (Pfizer) når det blir deira tur i vaksinasjonskøa.

Folkehelseinstituttet ber dei som er vaksinerte med Astrazeneca om å ikkje uroe seg.

Pausen betyr at all utsending av Astrazeneca-vaksine blir stansa frå FHI. Dei dosane som allereie er sendt ut blir lagra lokalt.

Legemiddelverket vil gå nøye gjennom alle innmeldte biverknadar. Dei vil også sjå om det er tilfelle med blodpropp i Noreg som ikkje er meldt inn og analysere materialet.

Les meir på FHI sine heimesider.