Preben Nedrelid blir ny eigedomsleiar i Hareid kommune

Han har vore tilsett i eigedomsavdelinga som driftsleiar, prosjektleiar og til sist konstituert eigedomsleiar. No blir han eigedomsleiar på fast basis.

Portrettbilete av Preben Nedrelid. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Preben har bakgrunn som maskinist, men har hatt størstedelen av arbeidslivet på land. Han har mellom anna jobba sju år i Kleven der han avslutta i produksjonsleiinga.

Som leiar av eigedomsavdelinga vil Preben ha eit overordna ansvar for eigedomane våre, bygg og bustadar, inkludert drift og vedlikehald. Han vil også vere ansvarleg for gjennomføringa av større byggeprosjekt og mindre rehabiliteringstiltak. Hareid kommune har nesten 50.000 kvadratmeter med kommunal bygningsmasse, og meir skal det bli! Vi har splitter nytt som vi vil ta vare på, vi har eldre bygningar som vi vil utvikle og forbetre og vi har bygg som framleis er på teiknebrettet.

På fritida står toppturar på toppen av ønskelista til Preben. Han starta toppturkarrieren som 13-åring med fjellski opp Kolåstinden. Sidan har han nådd dei mest alpine fjella i Sunnmørsalpane, som Slogen, Vassdalstinden, Randers topp med meir, på ski.

Aktivitetar med ungane står særskild høgt i kurs, også her er friluftsliv viktig, med turar i skog og mark til fots, på sykkel og på ski. Garden i Kaldholen krev også sitt med arbeid, men traktorkøyring er ein aktivitet både liten og stor kan kose seg med.

For tida er Preben i pappapermisjon med sitt yngste barn. Han startar opp som fast eigedomsleiar i august igjen.