Pressemelding - Forureining og miljø

Klikk for stort bilete

Det har dei siste dagane vore fokus på saker om forureining i Hareid kommune. I samband med den siste tids avisoppslag ønskjer vi å kome med ei uttale om korleis vi jobbar med forureining i kommunen vår.

Forureining kjem i mange variantar, men få av dei variantane får så mykje fokus som plast i naturen. Plast er ei stor utfordring båe Internasjonalt, nasjonalt og lokalt. Det er gledelig at det vert satt fokus på problematikken og at ein har engasjerte personar som brenn for miljøet.

Vi i Hareid kommune brenn også for miljøet, men som påpekt i avisartiklane er ressursane få og arbeidsoppgåvene svært mange og ofte kompliserte. Det vert likevel jobba mykje med miljø og forureining i Hareid kommune.

Det finns mange ulike typar forureining og eining for kommunalteknikk har ansvaret for å handsame denne type saker for Hareid kommune. Eininga har ansvaret for og jobbar med alle typar forureiningssaker som til dømes saker med plast, ulovlege utslepp av kloakk, ulovleg grunnforureining, støy, oljelekkasjar, fyllingar og kasserte lausøyregjenstandar. Vi har det siste halvåret vidareutdanna ein medarbeidar innanfor forureining og tilsyn med spreidd avlaup. Målet er å fjerne utslepp av kloakk til bekkar, vassdrag og sjø. Då er det viktig å starte med oss sjølv. Kommunen jobbar difor gjennom ulike investeringsprosjekt med å prosjektere reinseanlegg på Mylna Nord, nye utsleppsleidningar og slamavskiljar på Brandal. Det same planleggast for Hjørungavåg. Målet er at både kommunen og private skal handtere avlaupsvatnet sitt slik at det ikkje går ut over miljøet. Det gjerast også ein omfattande kartleggingsjobb for å avdekke kven som ikkje har kopla seg på det offentlege avlaupsnettet, men som forureinar ved å sleppe avlaupet sitt ut i naturen.

Hareid kommune er lokal forureiningsmynde og tek i mot saker frå regionalt forureiningsmynde, som er Fylkesmannen. I dag har vi to aktive saker som vi har motteke frå Fylkesmannen. Dei to sakene er i ulike stadium i sakshandsaminga, men synfaring har vore gjennomført i begge sakene. Partane vil her verte kalla inn til møter over sommarferien.

Den siste tida har det også vore avdekka to saker med grunnforureining eller mogleg grunnforureining, ved fotballhallen og ved Brandal skule. Her er det bestilt rapportar og analysar av grunnen slik at ein får handtert forureininga på rett måte.

Når det gjeld kasserte lausøyregjenstandar og anna forureining er dette forureining som ofte skjer på privat grunn. Det er mange som ikkje veit at ein kan forureine på sin eigen eigedom. Hareid kommune har det siste året brukt mykje tid og ressursar på å rydde opp i forureininga på Kjøsaplassen. Oppryddinga har fjerna all forureining og ført til eit mykje triveligare bumiljø for naboar.

Dette med villfyllingar har også vorte påpeika i media. Hareid kommune har kjennskap til fleire fyllingar i kommunen. I samband med kommuneplan og digitalisering av kartdata jobbast det kontinuerleg med kartlegging og systematisering av alle kjente fyllingar i kommunen. Det koordinerast opp mot byggesak for å avdekke kva fyllingar som er lovlege og ikkje. Som påpeika også frå Ulstein kommune er det diverre ofte vanskeleg å finne ut kven som er ansvarleg forureinar. Vi tek gjerne i mot tips om folk kjem over nye fyllingar eller observerer dumping i naturen.

Ei sak som har fått mykje fokus er saka om rundballeplasten. I denne saka har kommunen vore på synfaring to gangar. Forureinar har tidligare kommunisert til kommunen direkte og via media at dette skal ryddast opp i. Dette er den beste løysninga for alle partar. Det er alltid best at ei sak løyser seg utan at offentleg mynde må gripe inn. Hareid kommune har sendt ein førespurnad til forureinar med forslag om møte medio august for å kartlegge framdrift og tidsperspektiv som han ser føre seg vidare i denne konkrete saka. Hareid kommune vil vurdere vidare tiltak dersom saka ikkje løyser seg innan rimelig tid.

Hareid kommune skal vere ei god bukommune. I det ligg det at det skal vere hyggelig å ferdast ute i den flotte naturen vår. Kommunen får kvar veke inn ei rekke saker på mange ulike fagfelt og må til ein kvar tid prioritere mellom sakene vi får inn. Vi ber om forståing for dette. Vi vonar at alle innbyggjarane jobbar saman med oss for å halde Hareid kommune ryddig og ordentlig til glede for både innbyggjarar og besøkande. SSR har gode ordningar for mottak av ulike typar avfall og vi oppmodar alle innbyggjarar om å nytte dette tilbodet.

- Rådmannen i Hareid kommune -