Råd til alle som skal på juleferie

Det nærmar seg ei etterlengta juleferie. Vi gler oss til å treffe slekt og venner som kjem heim til Hareid. Det er viktig å kunne gjenomføre reise, besøk og selskap på ein trygg og smittefri måte.

Klikk for stort bilete Pexels.com  

Vi har difor utarbeidd nokre råd som kan hjelpe til med at juleferien både kan bli den høgtid og samlinga vi ønsker, og at det blir trygt smittervernmessig.

1. Siste veka før du reiser på juleferie, sjå til at du har så få kontakter med andre som råd er.
2. Pass på godt smittevern når du reiser.
3. Vi rår til at du tek ein test ved teststasjonen vår med det same du kjem heim. Bestill gjerne på førehand via legesenteret på 70 30 70 70.
4. Dei to-tre første dagane etter du er kome heim, i alle tilfelle fram til du har svar på ein test, så har du kontakt berre med din næraste famile der du bur. Besteforeldre og venner får vente på deg desse dagane.
5. Pass på avstand, handhygiene og kvarandre, og ver frisk når du går i selskap.

Råda gjeld både dei som kjem heim til Sunnmøre på juleferie, og for dei som reiser ut av regionen for å feire jul ein annan stad i landet.

Helsing frå
kommuneoverlegane på Sunnmøre