Raudt nivå ungdomsskule – stengjer kommunale bygg for fritidsaktivitetar

Med bakgrunn i dei nasjonale retningslinjene har kriseleiinga i Hareid kommune vedteke at ungdomsskulen skal drifte på raudt nivå minst fram til 18. januar.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

Det blir heller ikkje mogleg å leige/låne kommunale bygg (som idrettshallar, skular med meir) til fritidsaktivitetar, trening arrangement og liknande i same periode.

Alle elevar på ungdomsskulen skal møte som vanleg tysdag 5. januar. Det vil så bli lagt opp til digital heimeundervisning éin dag i veka for 8.- og 9. steget (torsdagar og onsdagar) og to dagar i veka for 10.-steget (tysdagar og fredagar).


Det er gjort endringar i timeplanane for å redusere kontaktpunkt mellom elevar og lærarar og elles for å stette smitteverntiltaka som er i tråd med smittevernrettleiarane for ungdomsskule – raudt nivå

Den digitale heimeundervisninga gjeld fag der elevane er organiserte på tvers av klassar, som framandspråk, fordjupingsfag, arbeidslivsfag og valfag, og for 10.steget også faga kroppsøving og kunst og handverk.

Elles møter elevane som normalt ved skulen, og får undervisning innanfor eigen kohort/klasse.

Elvane og føresette har fått særskild informasjon.

Barneskular og barnehagar driftar framleis på gult nivå.

Skuleskyss er ikkje råka av endringane.