Reiste med hurtigbåt og buss – smittesporing ikkje naudsynt

Ein av arbeidarane som er registrert smitta i Herøy kommune, reiste gjennom Hareid med hurtigbåt og buss. 

Klikk for stort bilete 

Herøy kommune meldte onsdag at dei hadde registrert to utandlandske arbeidarar med covid-19-smitte. Som eit ledd i smittesporinga har Herøy kommune gått gjennom reiseruta.
Smittevernoverlegen i Herøy melder no at reiseruta for den eine arbeidaren, gjekk via kollektivtrafikk gjennom Hareid kommune.

 

Arbeidaren «kom med fly til Vigra om ettermiddagen, vidare med buss og hurtigbåt til bustaden. Reiseruta er gjennomgått med Folkehelseinstituttet. Konklusjoner er at sidan denne personen ikkje hadde eller har symptom på covid-19, er det ikkje nødvendig å gjennomføre vidare smittesporing på fly, buss eller båt», skriv smittevernoverlegen i Herøy kommune, Bjørn Martin Aasen i ei pressemelding på Herøy kommune sine nettsider.

 

Pressemeldinga kan du lese i si heilheit her.

På Hareid kommune si hovudside for koronainformasjon kan du få oppdatert informasjon om situasjonen og tenestene våre.