Renovering av veg

Prosjekt Gamle Brandalsvegen og Reina - Klikk for stort bilete Prosjektet med renovering av veg vert delt inn i tre faser, dette for å få til logistikk med omkøyring medan arbeidet står på.

Fase 1.
Det vert ein del omkøyring medan vi arbeidar i Gamle Brandalsvegen.
Omkøyring - Dei som bur i Gamle Brandalsvegen må køyre ut og over Korsneset eller opp vegen som går til Reina lenger ute.
Krysset ved Køyrevegen/Teigen blir også stengt. Så snart vi er ferdige med å grave i Gamle Brandalsvegen blir den asfaltert og open for trafikk igjen.

Fase 2.
Når vi er ferdige med Gamle Brandalsvegen starter vi på vegen opp til Reina som også skal renoverast.
Omkøyring - Dei som bur i Reina må køyre mot sjukeheimen for å kome seg til sentrum. 

Fase 3.
Vi skal også renovere deler av Reina også. Vi kjem tilbake med meir informasjon etter kvart.

Under heile prosjeket kan det bli ventetid i kortare periodar.