Resultat av nasjonale prøver på 8. og 9. steg

Kvart år ligg det ei viss spenning i nasjonale prøver. Korleis ligg skulen i Hareid i  høve til andre skular i fylket og landet, men ikkje minst - har den einskilde elev hatt den framgangen vi håper i eiga læring?

Klikk for stort bilete Anna Håkonsholm

Hareid ungdomsskule opplever at resultatet for nasjonale prøver i engelsk, rekning og lesing (2018) er særs godt. For 8.steget ligg skulen jamt med landsgjennomsnittet. For 9.steget ligg resultatet like under landgjennomsnittet i lesing, men over landsgjennomsnittet i rekning (9.steg har ikkje nasjonal prøve i engelsk). Årets resultat speilar eit godt arbeid i grunnskulen i Hareid i høve til vurdering for læring og tidleg innsats. Dette er eit arbeid vi er stolte av!

I Hareid har fokuset på nasjonale prøver vore høgt. Skuleleiarane har i samarbeid med lærarane vald å sjå på nasjonale prøver som ei kartlegging av kva tiltak ein kan setje inn i klasserommet for å oppnå høgare måloppnåing blant elevane. Korleis skulane vel å bruke resultatet inn i mot undervisninga kan vere ein viktig faktor for å sikre framgang til kvar einskild elev. I tillegg gir dei nye resultatvisningane frå UDIR no betre moglegheiter for å kunne følgje utviklinga hos den einskilde elev.

Prøvene måler eit utval av det elevane skal kunne. Men for å kunne setje inn heilskaplege tiltak, må alle faglærarar vite kva dei ulike prøvene måler. Kvar haust analyserer og drøftar heile kollegiet: Kvifor vart resultatet slik? Korleis gjer skulen det i år samanlikna med tidlegare år? Kor stor er framgangen samanlikna med landsgjennomsnittet? Kva tiltak må vi setje inn? Bør lærarressursar fordelast annleis? Dei tilsette i grunnskulen i Hareid har opparbeidd seg god kompetanse i å setje inn tiltak på system – heller enn på individnivå.