Resultatet frå innbyggarundersøkinga er klart

Vi har allereie starta med å peike ut områder vi vil prioritere å forbetre. Denne og neste veke vil resultatet for innbyggarundersøkinga bli presentert for politikarane i hovedutvala, formannskapet og kommunestyret.

Klikk for stort bileteOveråsanden.

Totalskåren for Hareid kommune blei 3,7. Snittet for dei andre kommunane som har tatt testen i år er 4,1. Generelt ligg vi noko bak dei andre kommunane på alle parameter, men vi skal vere varsame med å sjå til dei andre kommunane. For det fyrste er det berre fem kommunar som har teke testen i år, vi veit ikkje kva kommunar det er og utvalet kommunar kan bli bytta ut til neste gong. Det kan gi store utslag.

Dette er fyrste gong vi gjennomfører ein slik undersøking. Det som blir mest interessant er å samanlikne oss med oss sjølv om to år.

Alle grad-spørsmåla er rigga slik at det er bra med høgt tal. 1 er minst/dårlegast, 6 er maks/best. Ingen av snittsvara er vekta, det vil seie at alle 80 spørsmåla tel like mykje i snitt-/totalskåren, sjølv om dei kanskje er mindre viktige eller omfattande.

  • Snittkarakter kategori: Hareid/Norge
  • Tjenestene fra din kommune – bruker: 4,4 /4,5
  • Tjenester fra din kommune - inntrykk : 4,1/4,3
  • Næring og arbeid: 3,9 /4,0
  • Transport og tilgjengelighet i kommunen: 2,9 /3,3
  • Miljø i kommunen: 4,9 /4,8
  • Klima og energi: 3,6 /3,8
  • Natur og landskap og friluftsliv: 4,0 /4,3
  • Levekår: 4,0 /4,2
  • Bomiljø og senterfunksjoner i kommunen der du bor: 3,2 /4,1
  • Servicetilbudet: 3,3 /4,1
  • Boligtilbudet: 3,6 /3,8
  • Kultur og idrett: 4,0 /4,4
  • Utbygging og utvikling: 3,1 /3,7
  • Trygghet: 4,9 /4,9
  • Kommunen som bosted: 4,4 /4,7
  • Møte med din kommune: 3,1 /3,5
  • Tillit: 3,4 /3,8
  • Helhetsvurdering: 3,1 /4,0
  • Snitt totalt: 3,7 /4,1

Kort oppsummert er brukarar av tenestane (mykje) meir nøgde enn dei som berre har eit inntrykk av tenestane. For enkelte tenester er spriket mellom brukarerfaringar og inntrykk opp mot eitt poeng. Barnehage, miljø og tryggleik er det Hareid skårar høgast på. Elles er det forbetringspotensiale på dei fleste områder.

Kven var dei som svarte?

Vi fekk inn 844 svar. Det tilsvarer 21 prosent av dei som kunne svare. Det er vanskeleg å måle om dette er bra eller ikkje. Tilsvarande undersøkingar har fått frå 16-30 prosent deltaking andre stader.

Dette har ikkje vore ein representativ undersøking (på linje med til dømes meiningsmålingar). Det er derfor interessant å sjå kva grupper som har svart:

  • 56 % av dei som svarte er kvinner.
  • 30 % er mellom 18-39 år, disse utgjer 28 % av befolkninga i kommunen.
  • 54 % er mellom 40-66 år, dei utgjer 34 % av befolkninga i kommunen.
  • 17 % er over 67 år, dei utgjer 15 % av befolkninga.
  • 50 % av dei som svarte har høgare utdanning, medan 20 % av innbyggarane i kommunen har høgare utdanning.
  • 80 % av dei som har svart har budd i kommunen meir enn 15 år.

Sjølv om undersøkinga ikkje er vekta for å ta høgde for desse feilkjeldene, er ho likevel relevant, då det var liten endring i svara etter kor mange som svarte. Vi tok ut rapport etter at dei 100 fyrste hadde svart. Svara endra seg lite fram til undersøkinga blei avslutta. (0,2-0,3 +/- poeng per svar).

Kva no?

Resultatet av undersøkinga er formidla ut til sektorane og dei har starta arbeid med resultatet. Vi har innhenta umiddelbare reaksjonar frå sektorane, samt planar for vidare arbeid.

 

Sektor for samfunnsutvikling:

  • Forbetring av punkta som gjeld Samfunnsutvikling er i hovudsak ivareteke i pågåande utarbeiding av ny trafikktryggingsplan, eller at det er utarbeid tiltak som er/vert lagt fram i budsjettprosess.
  • Klima, miljø og Friluft er ikkje forankra i organisasjonen og ansvar delegert.
  • Sentrumsutvikling, møteplassar osv. er ivareteke gjennom pågåande Miljøgateprosjektet og realisering av parken.
  • Sektoren vil elles arbeide med omdømme, likebehandling, service osv.
  • Når det gjeld generelle merknader, vil ein først kartlegge og finne ut kva vi kan gjere noko med, deretter prioritere.
  • Allereie no kan ein seie at mykje av tilbakemeldingane er knytt til prosjektgjennomføring av dei store byggeprosjekta.

 

Sektor for læring og kultur:

  • Barnehage - Ligg over snittet, noko som er veldig positivt. Det er god barnehagedekning i Hareid og alle får stort sett plass når det er behov. Foreldre blir positivt møtte og er i barnehagen kvar dag, så relasjonen blir tett. Vi ser dette i samanheng med i kvalitetsplanar og utviklingsarbeid i sektoren. Kontinuerleg arbeid. Utvikla oss enno meir mot ein lærande organisasjon.
  • Skule - Her ligg vi på snittet for Noreg. Dette er vi stort sett fornøgd med. Skulane har historisk hatt mykje uro rundt seg med skulenedlegging. Dette talet viser at skulen har roa seg, og skulestrukturen har landa. Vi ser samanheng her også med det gode utviklingsarbeidet i sektoren. At skule ligg lavere enn barnehage trur vi er naturleg i forhold til ulike kulturar og krav. Skular blir ofte samanlikna i media, ting går litt i berg og dalbane som gjer at innbyggjarane blir påverka. Vi tenkjer at skule er kompleks, vi må vise all positiv utvikling i media. Lovverk i skule/SFO og barnehage er ulikt. Vaksentettheita er ikkje som i barnehage, dette merkar nok foreldra. Må jobbe med positiv informasjon.
  • Fritidstilbod - Hovudtyngda ligg på fornøgde brukarar, sjølv om resulatet er litt under snittet. Her må vi i sektoren ta tak med nyåpning av ungdomsskafeen/klubben. Heilårleg UKM, nytt biblioteket etc.
  • Biblioteket - Dei fleste som svarar er positive. Her vil jo det kome eit kjempeløft med nytt helsehus og nytt bibliotek.

Kulturskulen - Umiddelbar reaksjon på resultatet var at dette må vi ta tak i. Har difor sett opp tre punkt som vi skal arbeide mykje meir med.

  • Samarbeid - Jobbe mykje meir med å forbetre kontakt mellom skule og heim. Fleire felles foreldremøte. Kortare mellom føresette/lærar/elevmøter osv.
  • Øving - Legge til rette for at borna finn gode rutiner på øving. Hjelpe til, fylgje opp, vere positiv.
  • Tolmod - Det krev tolmod å lære seg eit instrument, ha auge for detaljer i kunst eller kunne uttrykke seg gjennom dans. Viktige faktorar her er motivasjon. Hjelpe over ein kneik. Inspirere.

Generelt for sektoren så er vekting mot det positive i skule og barnehage, ser litt meir negativt på fritidstilbud til ungdom.

Sektor for velferd:

Sektoren har fokusert på korleis ein skal jobbe vidare med resultatet av undersøkingane:

  • Kort orientering i leiar- stabsmøte (14.mai).
  • Tema i leiar- og stabssamling 13 juni (deltakande møte).
  • Gjennomgang i alle einingane innan medio september
  • Gjennomgang i samarbeidsmøte mellom kommunalsjef - tillitsval/verneombod.  
  • Oppsummering i leiar- stabssamling sep/okt (fokus: samskaping).
  •  

Sentraladministrasjonen:

  • Sentraladministrasjonen ser at vi særleg må jobbe med omdømmet til kommunen og vil vurdere eit prosjekt på dette. I tillegg reknar vi med at vidare arbeid med god informasjon vil gi betre inntrykk av tenestane våre.
  • Resultatet av undersøkingane vil mellom anna vere tema på personalmøte 20.6.2019. Det som kjem ut av dette vil bli diskutert i leiarmøte i sentraladministrasjonen før vi tek det vidare med rådmannens leiargruppe. 

Vidare arbeid

Det vert sett mål og tiltak for vidare oppfølging som vert rapportert tilbake til rådmannen si leiargruppe. Ei endeleg prioritering av eventuelle felles tiltak vert gjort i rådmannen si leiargruppe. Oppfølging av resultatet vert presentert i ei politisk sak. Det vert rapportering om gjennomføring og resultat i tertialrapport og årsmelding.

Sidan det er valår, vil det nye kommunestyret også få ein orientering om sjølve undersøkinga når dei tiltrer etter valet.

Tal frå undersøkinga skal nyttast aktivt i sakshandsaminga – både når ein leiter etter nye tiltak og når ein tar grep for å bevare eller betre noko som er omtala i undersøkinga. Det er viktig at undersøkinga blir referert i sakspapira når ho er ein del av sakskomplekset.

Litt om korleis undersøkinga blei gjennomført

Undersøkinga blei gjennomført i løpet av to vekene før påske. Alle innbyggarar som er 18 eller eldre (eller fyller 18) kunne svare. Det vart gjennomført omfattande informasjon til innbyggarane om undersøkinga:
•    Kort vart sendt til alle husstandar
•    Plakatoppslag på sentrale stader i kommunen
•    To oppslag i Vikebladet
•    Artiklar på nettsida vår
•    Til dels massiv merksemd på Facebook
•    Det vart arrangert fleire hjelpestader for ikkje-digitalebrukarar, på biblioteket, to treff på Hadartun og på Seniortreff på Frivilligsentralen