Retningslinjer for bruk av skuler, gymsalar og andre kommunale bygg under korona-pandemien

Musikantar, koristar og idrettsutøvarar gler seg til å kome i gang med aktivitet no i haust. Frå 1. september har dei igjen kunne nytte dei kommunale bygga til øving og idrett.Klikk for stort bileteNå kan korpsa igjen øve på skulane våre, men det betyr at dei ikkje må blåse ein lang marsj i smittevernreglane. pexels.com  

I vår blei det bestemt at Hareid kommune ikkje kunne leige ut dei kommunale bygga til kor, korps, idrettslag og andre fritidsaktiviteter, sjølv om det frå nasjonalt hald blei opna for slik aktivitet.

Hovudgrunnen til dette, var at vi ikkje ønska at dei som nytta lokala på dagtid (for det meste skuleelevar) skulle bli utsett for smitte. Koronaviruset kan overleve på flater i mange døgn. Sidan all kapasitet til reinhaldarane våre blei nytta til utvida reinhald i meir essensielle lokale, hadde vi ikkje moglegheit til å reingjere ekstra etter fritidsaktivitetar.

Avgjersla frå i vår blei av kriseleiinga forlenga til 1. september slik at vi kunne få laga rutinar som sikrar at eventuelle smitte ikkje får spreie seg.

Tryggleik

Kriseleiinga har også avgjort at det ikkje vil vere mogleg å leige lokale på sjukeheim/Hadartun. Dette er for å beskytte brukarane våre som er i risikogruppa. Å få smitte inn på sjukeheimen vil vere svært alvorleg og farleg.

Retningslinjene er laga med to mål:

  • alle som deltar på aktivitetar i kommunen sine lokale skal kjenne seg trygge.
  • alle som nyttar lokala på dagtid skal kjenne seg trygge

Kan endre seg

Vi har som sagt allereie no forsterka reinhaldet på essensielle bygg som sjukeheim, skuler, barnehagar mm. Kommunen har derfor ikkje moglegheit til å sørge for utvida reinhald etter fritidsaktivitetar. Derfor må arrangørar sjølve tar ansvar for dei ekstra hygiene/smitteutfordringane aktivitetane medfører under koronapandemien.

Per no er smittesituasjonen i Hareid kommune oversiktleg og avklara. Dette kan endre seg, og då vil også retningslinjene bli kunne endra.

Nasjonale føringar

Vi forventar at arrangørar sett seg godt inn i råda som gjeld for deira aktivitet. Paraplyorganisasjonane har i samarbeid med helsemyndigheitene utarbeida rettleiarar for dei forskjellige aktivitetane.

Vask, sprit, avstand

Nøkkelpunkta som gjeld for all aktivitet er:

  • Ingen personar med symptom på luftvegsinfeksjon  - også lette symptom – skal delta på aktivitetane.
  • Minimumsavstanden mellom deltakarane skal vere 1 meter*
  • Alle flater/instrument/utstyr skal reingjerast/spritast hyppig. Minimum mellom kvar gruppe og etter at samlinga er over.
  • Alle arrangørar peiker ut ein smitteansvarlig. Denne syter for vasking av stoler, dørhandtak og orden/vask på toalett som har vore i bruk.
  • Arrangør må ha ei liste med namn og telefonnummer på dei som deltar på øving/anna fritidsaktivitet i kommunale bygg. Denne informasjonen skal kunne nyttast til smittesporing.

* her er det enkelte avvik knytt til særskilde aktivitetar. Sjå rettleiarane frå helsemyndigheitene.