Runa samla underskrifter -  no må politikarane stemme over forslaget hennar

Runa Mork ønsker seg hundepark på Hareid. Ved å samle inn meir enn 103 underskrifter har ho gjort at politikarane pliktar å ta stilling til ønsket hennar.

Klikk for stort bileteRuna Mork frå Hareid har samla inn underskrifter for å få hundepark på Geilane. privat

Hundeglade Runa Mork har sett seg ut eit område på Geilane ho meiner kan brukast til hundepark. Spørsmålet var korleis ho skulle få saka på dagsorden.

- Eg blei tipsa om minsak.no i Facebook-gruppa Nye Hareid, fortel ho.

Minsak.no er ei nettside som legg til rette for at innbyggarar enkelt skal kunne kome med innbyggarinitiativ. Viss ein klarer å samle underskrifter frå minst 2 prosent av innbyggarane i ein kommune, er kommunestyret pliktig til å stemme over forslaget. Ønsker ein å fremme ei sak i Hareid kommune, treng ein minimum 103 underskrifter.

- Ligg brakk i dag

Runa Mork klarte å samle inn 139 underskrifter før ho sendte forslaget om hundepark i Geilane inn til kommunen.

- Det er betre å lufte hund i ein hundepark enn i leikeparken ved rådhuset. Born skal leike der. Fotballbana i Geilane vert ikkje brukt og gror att. Vebjørn Grimstad, onkelen min, brukte 5.000 kroner og leigde ein kar til å skrape bana for eit par tre år sidan, i håp om at bana vart brukt igjen. Då var det meterhøge tre på heile bana. Kvifor ikkje nytte eit areal som kommunen ikkje har gjort noko med og berre lar stå? Spør Runa som trur mange vil stille på dugnad for eit slikt prosjekt.

LES MEIR: Andre måtar du kan påverke korleis Hareid kommune skal vere.

- Lett å samle underskrifter

Ho syntes det var ein positiv oppleving å bruke minsak.no. Underskrifter samla ho mellom anna med å dele forslaget på Facebook – både på eigen profil og i aktuelle grupper.

Ho synest ikkje det var vanskeleg å få tak i nok signaturar.

- Det er stort initiativ hos innbyggarane i Hareid. Dei har delt, kommentert og sett moglegheitene ved denne hundeparken.

Vil betre dialogen med innbyggarane

Rådmann i Hareid kommune, Ragnhild Velsvik Berge, applauderer initiativet til Runa Mork.

- Det er flott med engasjement, og det at folk får lette vegar inn vil auke dette. Informasjon om dette er eit av fleire tiltak kommunen no gjer for å betre innbyggardialogen, seier rådmann Ragnhild Velsvik Berge.

Ifølge kommunelova må kommunestyret ta stilling til saka innan seks månader etter at saka er sendt inn.  Før saka om hundepark kjem til kommunestyret, skal administrasjonen greie ut saksforholda og kome med ei tilråding.

Her kan du lese meir om innbyggarinitiativ.