Rydd lokalt, støtt globalt!

Årets TV-aksjon går til å motarbeide plast i havet. Kva med å kombinere innsamling av pengar med innsamling av havplast?

Klikk for stort bileteAndreas Østrem, Frøya Worren og Villemo Rise var blant hareidselevane som rydda over 500 kilo strandsøppel på Alme. For jobben fekk dei over 20.000 kroner som skal gå til TV-aksjonen. Andrea Øien Sæverud/SSR  

 

Klikk for stort bileteBernt Brandal, ordførar og komitéleiar for den lokale TV-aksjonskomiteen, var med då elevar ved Hareid ungdomskule rydde i fjøresteinene på Alme. Andrea Øien Sæverud/SSR  Kvart år kastar vi 8 millionar tonn plast i havet. Det svarer til 250 kilo – kvart einaste sekund. Midlane frå TV-aksjonen skal gå dit problemet er størst, nemleg Sørøst-asia. Ein fjerdedel av plastavfallet kjem herfrå. TV-aksjonsmidlane er derfor øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinene og Thailand.

Det betyr ikkje at du vi ikkje skal senke skuldrane for vårt eige søppel. Strandlinja vår er lang – og det er mykje plast i viker og bukter her på øya også. Faktisk, sidan vi bur på ei øy, blir alt plastsøppel her rekna som strandsøppel. Før eller sidan vil det via bekkar og elvar, vind og vêr hamne på havet.

Ein fin måte å ta tak i problemet, er å rydde lokalt og støtte globalt. Ein forslag til korleis du kan fjere det, er å få sponsorar som betalar deg for kvart kilo med havplast du samlar inn. Det gjorde elevane ved Hareid ungdomsskole. Torsdag i førre veke rydda dei søppel i fjøresteinane på Alme. På nokre timar samla dei inn over 500 kilo med søppel.

Før aksjonen hadde dei sørga for å få sponsorar frå det lokale næringslivet som betalte per kilo søppel som blei samla inn. Alle inntektene gjekk til TV-aksjonen. Totalt fekk dei inn over 20.000 kroner.


 

Høyr med næringsliv, vener og familie om dei vil sponse din ryddeaksjon, så kan du også rydde lokalt og støtte globalt.

 

Tips til ryddeaksjonen:

  • Rydde-appen er eit fint verktøy for å planlegge aksjonen. Her kan du sjå kvar andre har rydda, kvar det er behov og legge inn din eigen aksjon i kalenderen.
  • Det finns lokale eldsjelar som arrangerer ryddeaksjoner og som kan kome med råd og tips. Sjekk ut mellom anna Hareidbarka fjøreplukkarlag.
  • Alt strandryddeavfall kan du levere gratis til SSR. Ta kontakt ved større aksjonar, så kan de få hjelp til å hente avfallet. SSR stiller også med plastsekkar. Les meir her.
  • Husk at alt plastavfall på øya blir rekna som strandryddeavfall – dermed kan du også rydde i grøftekanter og kratt – ikkje berre svaberg og fjøre. Plasten vil uansett finne vegen til havet om vi ikkje fjernar det.

Hareid kommune si digitale bøsse finn du her.