Saker som skal opp i kommmunestyremøtet 19. september

Kor mykje skal ordføraren tene? Kven har lov til å bestemme kva i Hareid kommune? Skal Sans få skjenke i Brandal? 

Klikk for stort bileteMasdalsklova sett frå Hareid.

Her kjem eit utval av sakene som skal opp i kommunestyremøtet 19. september kl 18 på rådhuset.
Følg denne lenka for å lese heile sakskartet og få tilgang til alle saksframlegg, dokument og vedlegg.

Kven kan bestemme kva?

Delegasjonsreglementet for Hareid kommune skal reviderast. Rådmannen skal halde ein orientering for kommunestyret om arbeidet.

Enkelt forklart har kommunestyret svært mykje mynde i ein kommune, men å styre ned på eit detaljnivå er ikkje hensiktsmessig. Derfor gir kommunestyret mynde til andre folkevalde organ og administrasjonen til å avgjere saker. I delegasjonsreglementet står det kva (type) saker som skal handsamast i dei enkelte utvala eller administrasjonen og kva lovgrunnlag kommunestyret har til å delegere dette mynde.

Eit døme kan vere skjenkesaker. Kommunestyret har mynde etter alkohollova til å gi skjenkjebevilling til utestader, restaurantar og andre aktørar. I saker som gjeld «fast» skjenkjebevilling er det kommunestyret som tar avgjerda. I saker som gjeld enkelthøve har kommunestyret delegert dette mynde til administrasjonen (kurante saker) eller Levekårsutvalet (ukurante saker).

Tett knytt til denne saka er også saka om nedlegging av byggenemnda i Hareid kommune. Oppgåvene frå nemnda er tenkt å flyttast til formannskapet som skal ha ein strategisk funksjon som styringsgruppe for byggeprosjekt (i regi av kommunen) av vesentleg karakter.

Skal det bli skjenking i Brandal?

Sans pub har søkt om å få skjenke på grendahuset i Brandal. Som vist ovanfor, så er det kommunestyret som avgjer skjenkesaker som ikkje er enkelthøve.

Sans Pub AS satsar på å forsette drifta på som dei har hatt til no i kjellaren på Melshorn  med konserter, stand up show, quiz m.m. Matservering kan verte ein større del av tilbodet enn det har vore til no.

Administrasjonen tilrår at kommunestyret gir dei det, til tross for at staden det er søkt skjenkeløyve til er nærast midt i Brandal sentrum der det også ligg bustadhus. «Dette vil nok skape ein del uro og støy som ikkje tidlegare har vore der, spesielt knytt til helgane. Slik er det også i Hareid sentrum. Det vi må spørje oss er om dette er akseptabelt eller om det vert så stor belastning for nærmiljøet at det er tilrådeleg å ikkje gi løyve. Vi vel å tenke at dette vil gi bygda eit positivt tilskot og at dei som skal drive skjenkestaden har kontroll og kunnskap slik at dei vil ha kontroll på gjestane sine», skriv dei i saksframlegget.

Saka var også oppe i kommunestyret før sommaren, men då valde politikarane å utsette saka.

Kva skal sjefen heite?

Denne hausten trer den nye kommunelova fast. I den er den øvste administrative leiaren i ein kommune, det som i dag er kalla rådmann, omtala som kommunedirektør. Utvalet som utreda lova meinte at denne tittelen burde vere obligatorisk for alle kommunar. Etter høyringsrunda, valte regjeringa likevel å droppe at tittelen blei eit krav. Dei ville la det vere opp til kva enkelt kommune å bestemme kva toppleiaren skal heite. Dei råda likevel kommunane til å nytte kommunedirektør-tittelen. Årsaka er at dette er ein kjønnsnøytral tittel som også gir eit godt bilete av rolla. Administrasjonen i Hareid kommune har også innstilt på at det som i dag heiter rådmann frå no skal heite kommunedirektør.

Kor mykje skal ordførar og varaordførar få i godtgjersle?

Ny valperiode og ny kommunelov gjer at det er naturleg å revidere reglementa for dei folkevalde organa og godtgjerslene til dei folkevalde. 

Revisjonen består fyrst og fremst i å samkøyre dei eksisterande reglementa med ny kommunelov og gjere nokre justeringar og litt opprydding i godtgjerslereglementet. Ein ting kommunestyret må ta stilling til er kor mykje ordførar og varaordførar skal ha i godtgjersle.

Ideelt sett skulle Hareid kommune hatt eit samla og felles reglement for alle dei folkevalde organa. I denne runda blei det ikkje tid til det. I tilrådinga frå forhandlingstuvalet står det derfor at administrasjonen våren 2020 skal utarbeide eit samla, felles reglement for alle dei folkevalde og dei folkevalde organa i kommunen. 


Korleis kan Hareid kommune bli god, trygg, spanande og attraktiv?

Administrasjonen har starta arbeidet med ny samfunnsdel til kommuneplan. No skal kommunestyret ta stilling til planprogrammet og sende et på høyring.

Kommuneplanens samfunnsdel er verktøyet for kommunens heilskapelege planlegging. Det er med andre ord eit viktig verktøy som folkevalde og administrasjonen kan og skal førehalde seg til i åra framover. Gjennom arbeidet med kommuneplanens samfunnsdel skal kommunen vektlegge viktige utfordringar knytt til samfunnsutvikling, samstundes som ein skal synleggjere dei strategiske vala kommunen tek. Administrasjonen har valt å foreslå fire hovudmål i planprogrammet. Desse er som følgjer:

1.    Ei god kommune å bu i
2.    Ei trygg kommune å vere i
3.    Ei attraktiv kommune å arbeide i
4.    Ei spanande kommune å leve i

Vidare har ein plukka ut nokre viktige nøkkelord knytt til kvar av hovudmåla. Hovudmåla saman med nøkkelorda er tenkt å skulle hjelpe kommunen å stake ut vegen vidare i planforslaget, når den tid kjem, for å kunne løyse nokre av dei utfordringane vi ser ut til å møte i framtida, samt skape dei endringane kommunen sjølv ønskjer i samfunnet. 
Følg denne lenka for å lese heile sakskartet og få tilgang til alle saksframlegg, dokument og vedlegg.