Saker til formannskapet 28. januar 2019

Tilsetting av ny kommunalsjef, klage frå Fylkesmannen på dispensasjon frå kommuneplan, nye vedtekter til Ungdomsrådet og effektiviseringsutval er nokre av sakane som skal opp på møtet.

Klikk for stort bilete Silja Øvrelid/Hareid kommune

Fullstendig sakliste og alle dokument finn du her.

 

Tilsetting av kommunalsjef for velferd

I dette møtet skal formannskapet avgjere kven som får jobben som ny kommunalsjef for velferd. Vedkomande som får stillinga, vil ha ansvar for mellom anna alle helseinstitusjonane i kommunen. Denne saka, er som alle tilsettingssaker, unnateken offentligheita og vil bli handsama i lukka møte. Dette er siste punkt på sakskartet.

 

Skjenkeløyve til Naboen restaurant

Administrasjonen tilrår at Naboen restaurant i Hareid sentrum får alminneleg skjenkeløyve for alkohol (inntil 60  prosent).

 

Endring av vedtektene til ungdomsrådet

Administrasjonen har utarbeidd nye vedtekter til ungdomsrådet. Dei gamle var frå 2001. Fram til no har det ikkje vore obligatorisk for kommunane å ha slike råd, sjølv om 90 prosent av kommunane (inkludert Hareid) har hatt det. I den nye kommunelova, som trer i kraft i løpet av året, vil det vere obligatorisk for kommunane å ha eit slikt rådgjevande organ. Denne saka blir endeleg vedteke av kommunestyret.

 

Tilleggsløyving til Polarstarkaia

Administrasjonen tilrår at det blir gitt ei tilleggsløyving på 3 844 000 kroner til riving av eksisterande kai og oppføring av ny kai. Samla løyving blir etter dette 6 969 000 kroner. Tiltaket skal finansierast med 5 575 200 i låneopptak og 1 393 800 i MVA-kompensasjon

 

Klage frå fylkesmannen

Fylkesmannen har klaga på at Hareid formannskap i november gav dispensasjon frå kommuneplanen i utforminga av eit naust på Ytre-Hareid.

I dispensasjonen fekk tiltakshavar løyve til å isolere naustet og ha større vindauge enn det kommuneplanen tillèt.

Fylkesmannen meiner endringane vil føre til privatisering av området og vil hindre fri ferdsel. Dei rår sterkt frå dispensasjon og vil vurdere å klage på eit eventuelt positivt vedtak.

 

Endre rettskrins til Søre Sunnmøre

I dag høyrer Hareid kommune til Sunnmøre tingrett i Ålesund. I løpet av 2019 skal Domstolkommisjonen vurdere domstolstrukturen. I samband med dette har Hareid kommune blitt oppmoda av Søre Sunnmøre tingrett og våre nabokommunar på Søre Sunnmøre om å vurdere endring av rettskrins til Volda. Ut frå ei heilskapleg vurdering tilrår rådmannen at Hareid søker om endring av rettskrins.

 

Effektiviseringsutval

I siste kommunestyremøte i 2018, blei det vedteken å sette ned eit effektiviseringsutval. I dette utvalet skal det sitte to personer som er utpeika av rådmannen og tre utpeika av politikarane.

Rådmannen har utpeika assisterande rådmann og økonomileiar til å sitte i utvalet. Formannskapet  skal peike ut dei tre politiske representantane.