Saker til formannskapet 4. mars 2019

Autopass på ferga, arbeidsbåt til hamna og tilskot for tilknytning til kommunalt vass- og avløpsnett er nokre av sakene som skal opp i møtet.

Klikk for stort bilete

Møtet er ope for publikum.

Stad: Kommunestyresalen i Myravegen 11

Tid: måndag 4. mars kl 12

 

Autopass på ferga – høyringsuttale

Hareid kommune skal levere høyringsuttale om Autopass på ferjesamband. Rådmannen tilrår at formannskapet melder tilbake at dei ikkje ønsker at rabattordninga for firmakundar blir redusert til 40 prosent. I tillegg må det bli lagt til rette for tilstrekkeleg med avgiftsfri parkering alle ferjestader tilknytt autopassordninga.

 

Arbeidsbåt til hamna?

Rådmannen tilrår at Hareid kommunestyre vedtek å gå til anskaffing av arbeidsbåt med flytebrygge. Anskaffinga skal nyttast av hamnevesenet i Hareid, for naudsynte oppgåver i hamneområda i Hareid og i det kringliggande farvatnet. Investeringa finansierast med låneopptak. Sidan anløp/hamn er sjølvkost vil ikkje dette påverke resten av drifta.

Hareid kommune har, heilt sidan kommunen etablerte eit hamnevesen, hatt eit udekt behov for ein arbeidsbåt for oppsyn og lovpålagte oppgåver i hamn og farlei.

Denne saka har vore til politisk handsaming fleire gonger. Diskusjonen har gått på fordeling mellom brygge og båt, og om saka skal utsettast til Stortinget har handsama Havne- og farvasslova.

 

Tilskot for tilknyting til kommunalt nett?

I fjor bad kommunestyret om at administrasjonen la fram ei sak om tilskotsordning for tilknytning til det kommunale vass- og avlaupsnettet. Normalt er det abonnenten sjølv som betaler dette, men for dei som bur eit stykke frå hovudleidningane, kan dette bli ein svært stor kostnad. For å gjere det meir attraktivt for innbyggarane å kople seg til, kan kommunen

Rådmannen meiner det ikkje er tilrådeleg å innføre ei slik ordning slik kommuneøkonomien er i dag. Eit slikt tilskot er ikkje lovpålagt og kan dermed ikkje hentast inn over dei kommunale avgiftene, men midlane på tas frå kommunekassen .«Dette tiltaket vil måtte settast opp mot lovpålagde oppgåver, og i verste fall gå på bekostning av desse», står det i konklusjonen.

I Næring og miljøutvalet (26.02) ble saka også handsama. Eit fleirtal av medlemmane (5-1) meinte at det må vere «ei klar målsetting» at flest mogleg knyter seg til kommunalt vatn og avløp. Dei vil at administrasjonen mellom anna skal «utarbeide ei oversikt over kva kostnad ei tilskotsordning vil innebere for kommunen – basert på dei områda ein først vil pålegge tilknytt» utfrå forskjellige makssatsar.

 

Skal Hareid kommune bli Miljøfyrtårnkommune?

Saka var oppe i Næring- og miljøutvalet 26.02. Der blei rådmannen si innstilling om at Hareid ikkje skal bli miljøtårnsertifisør samrøystes vedteke. Her kan du lese meir om grunngjevinga.

 

Andre saker:

  • Høyring forskrift om råd for eldre, personer med funksjonsnedsetting og ungdom 
  • Dispensasjon frå krav om detaljregulering 
  • Salsløyve av alkoholhaldig drikk gruppe 1 - Coop Nordvest SA avd. 453 Coop Extra Hareid
  • Månadsrapportering januar 2019
  • Invitasjon til deltaking i prosjekt interkommunalt samarbeid 3K Vanylven, Herøy og Ulstein

Sjå fullstendig innkalling og sakliste her.