Saker til formannskapet 6. mai

Nye takstsoner for buss, økonomirapportering, kartlegging av friluftsområder og val av kryssløysing ved Engeskardtunellen er blant sakene som skal opp i møtet.

Klikk for stort bileteFormannskapet skal mellom anna ta stilling til kartlegginga av friluftsområda i kommunen. Her frå Melshornet.

Formannskapet skal ha møte 6. mai i kommunestyresalen i Myravegen 11. Møtet er som vanleg ope for publikum.

Her kan du lese heile innkallinga.

Månadsrapportering for mai

Fleire av sektorane har problem med å halde driftsbudsjettet innafor vedteken ramme. Om drifta skal halde fram som no, går ein mot eit meirforbruk på 10,7 million kroner i 2019.

Den største utfordringa ligg i velferdssektoren. Prognosane peikar på eit avvik på 9 millionar ved årsslutt.  Det er eit behov for ein total gjennomgang av drifta og budsjettgrunnlaget i denne sektoren. Ny kommunalsjef er på plass frå første mai, dette vert ei prioritert oppgåve.

Rådmannens leiargruppe arbeidar tverrfagleg med effektiviserings- og omstillingsprosessen med siktemål å få balanse i drifta. Det vil i prosessen kome opp salderingstiltak som vil verte lagt fram for det politiske effektiviseringsutvalet.

Rådmannen si tilråding er at formannskapet tek rapporten til vitande.

Høyringssvar ny takst- og sonestruktur for buss i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal Fylkeskommune inviterer kommunar og andre interessentar til å kome med innspel på ny forslag til ny takst- og sonestruktur for buss i Møre og Romsdal.

I høyringssvaret som rådmannen tilrår at formannskapet vedtek, er Hareid kommune kritisk til alternativa som er lagt fram.

«Hareid formannskap viser til at konsekvensane for skuleskyssen ikkje er dokumenterte og gjer merksam på at det ikkje er ynskjeleg at kommunen skal betale meir for denne tenesta, enn det som er tilfelle i dag», står det mellom anna i høyringssvaret.

Konsekvensar for kommunane og brukarane ved ei eventuell endring av takst- og sonestrukturen med dei alternativa som er presenterte som aktuelle, er ikkje avklart. Dette tilseier at det på det noverande tidspunktet ikkje er ynskjeleg å endre den noverande takst- og sonestrukturen, skriv rådmannen i saksutgreiinga.

Kartlegging og verdsetting av friluftsområde i Hareid kommune

I 2013 la dåverande regjering fram Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv og Nasjonal handlingsplan for statlig sikring og tilrettelegging av friluftsområder. Her var det eit mål om at flest mogleg av landets kommunar skulle ha kartlagt og verdsatt sine viktigaste friluftsområder innan 2018. Med bakgrunn i desse føringane starta Hareid kommune tidleg i 2018 med kartlegginga. Denne kartlegginga er no ferdig, og vert difor lagt fram for dei folkevalde organa med intensjon om at den vert teke til vitande i tråd med rettleiaren frå Miljødirektoratet.

Prosjektet med kartlegging og verdsetting av friluftsområder i Hareid kommune starta tidleg i 2018, der folkehelsekoordinator og GIS-ingeniør hadde ansvar for prosjektet med god hjelp frå Sunnmøre friluftsråd. Desse fekk med seg representantar frå kommunen og frivillige organisasjonar i kommunen og saman har dei utarbeidd eit friluftsområdekart som består av to kartlag. Denne arbeidsgruppa har også verdsett friluftsområda. Etter at det administrative prosjektarbeidet var ferdig og ein hadde klart eit godt utkast til kartlegging og verdsetting vart datagrunnlaget publisert på kommunens heimesider med oppmoding og ønskje om at innbyggjarane kunne kome med innspel. Høyringsperioden var dei 3 første vekene i mars 2019. Det kom inn to tilbakemeldingar i høyringsperioden.

Kartet kan de sjå her.

Utviding av planområdet for detaljregulering for Brekkane.

Etter at detaljreguleringen av planområdet Brekkane har vore på høyring, har administrasjonen kome fram til at det er føremålstenleg for planen si heilheit å utvide planavgrensinga. Det er områda vest for opphaveleg plan som er tenkt å bli inkludert i planen.

Rådmannen tilrår derfor formannskapet til å godkjenne planlagt utviding av. Dette med bakgrunn i at det vil verte ei betre heilskapleg løysing for reguleringsplanen, samt at kommunen sine interesser knytt til offentleg tenesteyting i nokon grad er teke i vare andre stadar i kommunen.

Val av vegføring/kryssløysing i reguleringsplan - hyttefelt Åsen/Engeskardet

Administrasjonen har fått utarbeidd to alternativ for kryssløysing ved Engeskardtunellen.

Dei to alternativa som no ligg føre – alternativ A og alternativ B, har begge både fordelar og ulemper. Planfagleg er alternativ B det beste alternativet. Ved alternativ B får ein ei rettare vegføring mot Alme, og eit meir definert kryss mot hyttefeltet til Engeskaret. Ved alternativ A er vegen meir dominerande mot hyttefeltet, og ein mistar difor det naturlege løpet mot Alme. Når det gjeld siktforhold er det tilnærma likt i dei to alternativa. Det er heller ikkje store prisforskjellen mellom dei to alternativa om ein ser vekk i frå grunnkjøp og riving av løa. (A: 1,1 mill / B 1,35 mill – inkludert 15 % usikkerheitsmargin).

Rådmannen tilrår at formannskapet går for alternativ B.

Her kan du lese heile innkallinga.