Saker til formannskapet 8. april

Oppstart av trafikktryggingsplan og ekstra midlar til rehabilitering av kai i Brandal er blant sakene som skal opp i møtet.

Flyfoto retning Hareid sentrum frå Bigset. Per Eide

Sjå alle sakene og heile innkallinga her.

 

Oppstart av trafikktryggingsplan

Den førre trafikktryggingsplanen for Hareid kommune var utarbeida i 2007, for perioden 2007– 2011, og forlenga til 2018. Det har sidan den tid skjedd endringar både i vegsystema, utbygging og trafikkmønster som påverkar grunnlaget for Trafikktryggingsplanen, og det er såleis eit behov for ei oppdatering av planen. Det er tenkt at endeleg plan skal bli vedtatt av kommunestyret 12. desember 2019.

 

Ekstra midlar til rehabilitering av kai i Brandal

I 2018 løyva kommunestyret 2,2 millionar til rehabilitering av fiskerikaia og fritidskaia ved pakkhuset i Brandal. I samband med entreprenøren sitt førebuande arbeid ved fysisk oppstart av prosjektet, vart det mottatt ei bekymringsmelding om tilstanden til støttemuren under fiskerikaia. Entreprenøren meldte om eksisterande setningsskader i støttemuren med sannsyn for ytterlegare setningar. Byggherre kunne ved synfaring, ved lågt vassnivå, konstatere at det neppe ville vere tilrådeleg å gå vidare med prosjektet, utan å gjere eit sikringsarbeid på støttemuren.

Administrasjonen vurderer at det til at det er heilt klart ikkje tilrådeleg å gå vidare med arbeidet med fiskerikaia, utan å gjere naudsynt sikringsarbeid. Det er heller ikkje tilrådeleg å stoppe, eller gå vidare med eit avgrensa prosjekt, då vi allereie har inngått kontrakt med ein entreprenør om dette arbeidet.

Det er vidare svært beklageleg at den tekniske konsulenten, som har handtert både prosjekteringa og konkurranseutlysinga, ikkje har fått med seg den dårlege tilstanden til støttemuren under fiskerikaia. Dette er noko vi har merka oss for framtida.

På bakgrunn av det som er nemnt ovanfor vil rådmannen difor tilrå at kommunestyret gir ei tilleggsløyving på kr 800 000 inkl. MVA til dette tiltaket, noko som representerer eit nytt låneopptak på kr 640 000.

 

Dispensasjon frå detaljregulering

Vest Miljø (v John Moldskred AS) har søkt om dispensasjon frå kommuneplanen sitt krav om detaljregulering. Søknaden gjeld tomta i Brandal. I november blei det halde eit tilsyn på tomta. Der blei det oppdaga ulovleg bruk av eit brakkebygg til overnatting med meir. Kommunen gav pålegg om at brakkene ikkje skulle brukast til varig opphald.

No har John Moldskred AS søkt om å få oppføre ein brakkerigg samt endring og forbetring av kai og ny hall/overbygg til sortering av avfall. Dei ønsker å gjere dette utan detaljregulering.

Administrasjonen tilrår formannskapet til ikkje å gje ein slik dispensasjon. Grunnen er at  tiltaket er av ein slik karakter at ein i dette tilfellet vesentleg tilsidesett omsyna bak Kommuneplanen. Før detaljregulering er på plass, som seier noko om potensiell skredfare, oppskylling frå Åkneset, Tilkomst, trafikkforhold, miljøforhold, og tryggleik for innbyggjarane rundt industriområdet vil omsyna bak kommuneplanen sitt krav om detaljregulering her bli vesentleg tilsidesett.

Sjå alle sakene og heile innkallinga her.