Saker til kommunestyremøtet 14. mars 2019

Plan for sykkelparkering, tilskot for å knyte seg til offentleg vatn og avlaup, avhendig av Brandal fiskerihamn og kommunesamarbeid er nokre av sakene som skal opp.

Klikk for stort bilete

Møtet vil finne stad på Melshorn hotell 14. mars klokka 18.

I forkant av kommunestyremøtet (kl 17) vil det bli heldt eit framskunda møte i formannskapet (i staden for det oppsette møtet 18. mars).

Her kan du lese heile innkallinga og sakspapira til kommunestyretmøtet.

Her kan du lese innkallinga og sakspapira til formannskapsmøtet.

Hugs: Begge møta er opne for publikum.

 

Avhendig av Brandal fiskerihamn

Kystverket skal avhende Brandal fiskerihamn og Hareid kommune er mellom dei som har høve til å melde interesse for å kjøpe hamna til takstpris på kr 450 000, dersom ingen statlege institusjonar melder interesse for å ta over hamna.  Hareid kommune vil i så fall få førsteprioritet på å kjøpe fiskerihamna.

Andre prioriterte kjøparar kan vere  foreiningar med ålmennytte.  Slike foreiningar vil og kunne få høve til å overta fiskerihamna til takstpris.  Brandal Vel er informert om dette, ref. vedlegg.

Dersom ingen av dei nemnte aktørane melder interesse, vil fiskerihamna bli lagt ut til sal på den opne marknaden.

Rådmannen har lagt fram følgande tilråding:

Hareid kommunestyre ynskjer primært at Brandal fiskerihamn skal være i statleg eigarskap også i fortsettinga.

Hareid kommune ynskjer ikkje å nytte forkjøpsretten ved eventuell avhending av Brandal fiskerihamn.

Hareid kommunestyre ber om at Kystverket går i dialog med aktuelle foreiningar i Brandal, etter prioriteringsrekkefølgje nr. 3 i avhendingsbrevet, dersom Brandal fiskerihamn skal avhendast.

 

Invitasjon til interkommunalt samarbeid

Hareid kommune er invitert inn i eit samarbeidsprosjekt mellom Vanylven, Herøy og Ulstein. Dette var i utgangspunktet eit prosjekt mellom Vanylven og Herøy, med Sande som observatør. Sande har framleis observatørstatus, medan Ulstein har kome inn som ein aktiv part i samarbeidsprosjektet. Hareid kommune er invitert inn i prosjektet.

Rådmannen viser til at Sjustjerna er møteplassen for kommunane på Søre, men når dei andre kommunane på ytre Søre no har funne sama i eit felles prosjekt der samhandling er tema, så bør ikkje Hareid stå utanfor desse drøftingane. Ei slik møteplass gir rom for kreativitet og nye idear, og denne samhandlinga er det viktig at også Hareid er ein del av.

Tilrådinga blir derfor at Hareid blir med på samarbeidet for å sjå om ein finn gode tenestesamarbeid.

 

Mogleg tilskot for å knyte seg på offentleg vatn og avlaup

I fjor bad kommunestyret administrasjonen om å greie ut ei tilskotsordning for tilknyting til det offentlege leidningsnettet. Dette er i utgangspunktet ein kostnad som innbyggarane sjølv må ta, men i nokre situasjonar vil kostnadane bli svært høge fordi bustad ligg langt frå den kommunale leidninga. Det er arbeidet med kommunalt vatn og avlaup på Røyset som er bakgrunnen for saka.

Det er mogleg å innføre ei slik ordning, til dømes at alle får dekka kostnadar over 200.000 kroner.

Normalt vil alle kommunale utgifter til vatn og avløp kunne dekkast inn gjennom dei kommunale avgiftene (sjølvkost). Kommunen vil då gå i null. Ei slik tilskotsordning vil falle utanfor sjølvkostområdet. Årsaka er at det ikkje er «nødvendige» kostnadar etter reglane for sjølvkost. Det er ikkje ei lovpålagd teneste.

Rådmannen kan ikkje rå til at ein innfører ein høgare standard som vil medføre auka utgifter på dette området no. Kommunen står framfor store innsparingar og dette vil auke innsparingane ytterlegare. Dette tiltaket vil måtte settast opp mot lovpålagde oppgåver, og i verste fall gå på bekostning av desse. Dette kan rådmannen ikkje tilrå i den økonomiske situasjonen kommunen er i i dag.

Saka har også vore oppe i næring- og miljøutvalet og formannskapet. Då var eit fleirtal av politikarane ueinig med rådmannen. Dei meiner at det må være ei klar målsetting om at flest mogleg av husstandane i kommunen knyter seg til kommunalt vatn og avløp og at kostnadane ikkje blir urimelege. Dei vil at administrasjonen skal rekne konkret på kor mykje det vil koste kommunen å dekke kostnadane over 200.000 kroner. Dei vil også at kommunen ser på om det er mogleg å ta inn ein større del av desse kostnadane over dei kommunale avgiftene.

 

Betre sykkelparkering i Hareid kommune?

Representant Marit Øien Sæverud (KrF) har fremma ein interpellasjon til kommunestyret der ho påpeikar at det har blitt stadig meir populært med el-sykkel i kommunen, gjerne med tralle på slep. Ho meiner det derfor er viktig å tenkje både på el-syklistar og ordinære syklistar når det gjeld parkering. Øien Sæverud har fremja følgande forslag til vedtak:

Kommunestyret ber om at det vert laga ein eigen plan for sykkelparkering i Hareid kommune

Kommunestyret ber om at sykkelparkering på hurtigbåt-/ ferjekai vert sett i samanheng med batteribygg som skal setjast opp.

 

Skal Hareid kommune endre rettskrins?

Kommunestyret skal ta den endelege avgjersla om Hareid kommune skal endre rettskrins frå Sunnmøre (Ålesund) til Søre Sunnmøre (Volda).

Hausten 2017 sette Justisdepartementet ned ein Domstolkommisjon som mellom anna skal vurdere domstolsstruktur. Spørsmålet om struktur skal lyftast ut i ei eiga utgreiing med framskunda frist til oktober 2019. Eit mogleg utfall av denne prosessen er at tingretten i Volda og jordskifteretten i Ørsta vert lagt ned, eller vert lagt under felles administrasjon med Sunnmøre tingrett i Ålesund. Hareid kommune har i denne anledning blitt oppmoda av Søre Sunnmøre tingrett og våre nabokommunar på Søre Sunnmøre om å vurdere endring av rettskrins til Volda. Ut frå ei heilskapleg vurdering tilrår rådmannen at Hareid søker om endring av rettskrins.

 

Høyring ny forskrift for eldreråd, RFU og ungdomsråd

I den nye kommunelova som trer i kraft til hausten har ein søkt å samle særlovene om eldreråd og råd for personer med funksjonsnedsetting til eit regelverk. I tillegg har ein gitt ungdomsråd same status og gjort det obligatorisk for kommunane å ha eit ungdomsråd (eller liknande). I vår er forskrifta som regulerer desse tre råda ute på høyring.

I arbeidet med høyringsutalen har sakshandsamar involvert dei tre råda. Tilbakemeldinga var at dei ønsker ein tydeleggjering av kor tidleg dei skal bli involvert.

Rådmannen vurderer det slik at ei slik tydeleggjering kan by på praktiske utfordringar. I «ordinære» saker jobbar administrasjonen med sakspapira tett opp til innkallinga til utvala vert sendt ut. Det vil derfor ikkje vere mogleg at råda kan gi uttale som skal følgje sakspapira viss den skal verte gitt før utvalshandsaminga.

Konklusjonen er at ei tydeleggjering i paragraf 2-2 ikkje er ønskeleg og at formuleringane i forslaget tek opp i seg den nødvendige balansen mellom smidig sakshandsaming og moglegheitene råda har til å påverke.

Rådmannen tilrår at Hareid kommune derfor skal levere høyringssvar utan merknad.

 

Miljøtårnsertifisering

Saka var oppe i Næring- og miljøutvalet 26.02. Der blei rådmannen si innstilling om at Hareid ikkje skal bli miljøtårnsertifisør samrøystes vedteke. Her kan du lese meir om grunngjevinga.

 

Salsløyve for alkohol for Coop Extra

Coop Extra har skifta eigar og må derfor søke løyve på nytt. Tilrådinga er at dei får selje alkohol som før.