Saker til kommunestyret 7. januar 2019

Meir pengar til Hareid sokn og meir pengar til Engeskartunellen er nokre av sakene som skal opp.

Klikk for stort bileteTo saker i møtet handlar om Hareid hamn, Erlend Friestad/Hareid kommune

På dette møtet skal kommunestyre gjere vedtak i dei fleste sakene som var oppe i førre formannskapsmøte. Dei politiske partia skal møtast til gruppemøte fyrstkomande måndag i Myravegen 11. Publikum kan møte politikarane mellom kl 19-1945. Sjå her for oversikt over kva møterom du finn dei på.

Fullstendige sakspapir og innkalling finn du her.

LES MEIR: Noko på hjartet? Les her om mellom anna open spørretime.

Skjenkeløyve til Naboen restaurant

Administrasjonen tilrår at Naboen restaurant i Hareid sentrum får alminneleg skjenkeløyve for alkohol (inntil 60  prosent). Levekårsutvalet og formannskapet har lagt til at løyvet ikkje skal gjelde før Naboen har funne vara til skjenkestyrar. Dette punktet er tatt med for å sikre lik handsaming av dei med skjenkebevilling i kommunen.

 

Finansiering av Engeskartunellen (Alme)

Dette var ein av dei sakene det var mest debatt rundt i formannskapet 28. januar. Politikarane var svært misnøgde med at kostnadene for oppgraderinga allereie no viser seg å bli mykje dyrare (4 mill.) enn fyrst tenkt. Tilrådinga frå administrasjonen blei samrøystes vedteke, men signala var at dette kom det til å bli debatt rundt i kommunestyret også.

 

Budsjettavklaringar

I etterkant av budsjettmøtet 13. desember i fjor, må det gjerast nokre avklaringar. Mellom anna skal Hareid hamn få båt og brygge som mellom anna skal brukast til drift og vedlikehald av hamna. Dette er ein del av sjølvkostområdet – det vil seie at det inntektene Hareid kommune har på hamna som dekker utgiftene. Den generelle drifta vil dermed ikkje bli påverka av dette innkjøpet.

I formannskapsmøtet gjekk diskusjonen rundt kor dyr sjølve båten skulle vere. Den totale ramma er på 2 millionar.

I tilrådinga ligg det også ved ei liste over kva einingar som skal som skal ta diverse innsparingar.

 

Hareid sokn – auka ramme

Hareid sokn har bedt om å få dekka auka lønskostnader til drift av kyrkjegarden/kyrkjetenar. Denne saka blei grundig debattert i formmanskapet. Et fleirtal av politikarane var ikkje villige til å gå med på ønsket frå soknet. Bodskapet i vedtaket var at dei sjølv må syte for å «dekke lønnsmidlar innanfor eiga ramme».

 

Endring av vedtektene til ungdomsrådet

Kommunestyret skal endeleg vedteke dei nye vedtektene til Ungdomsrådet. Dei gamle var frå 2001. Fram til no har det ikkje vore obligatorisk for kommunane å ha slike råd, sjølv om 90 prosent av kommunane (inkludert Hareid) har hatt det. I den nye kommunelova, som trer i kraft i løpet av året, vil det vere obligatorisk for kommunane å ha eit slikt rådgjevande organ. I formannskapet 28. januar blei det ikkje gjort endringar i forslaget frå administrasjonen.

 

Tilleggsløyving til Polarstarkaia

Administrasjonen tilrådde at det blir gitt ei tilleggsløyving på 3 844 000 kroner til riving av eksisterande kai og oppføring av ny kai. Samla løyving blir etter dette 6 969 000 kroner. Tiltaket skal finansierast med 5 575 200 i låneopptak og 1 393 800 i MVA-kompensasjon

I formannskapet blei det ein del diskusjon om det var mogleg med andre løysingar for å unngå å ta opp meir lån. Det enda med at saka blei utsett. I ettertid har det vist seg at formannskapet ikkje har moglegheit til å avgjere dette åleine, derfor skal saka opp i kommunestyret også.

Her kan du sjå korleis sakene vart handsama i formannskapsmøtet 28. januar.

He kan du sjå korleis sakene blei handsama i Levekårsutvalet 23. januar.

Her kan du sjå korleis sakene blei handsama i Næring- og miljøutvalet 22. januar.