Satsar på IKT i skulane i Hareid kommune

Elevane kan lære gjennom appar eller bruke Ipad til å lage småfilmar og e-bøker.

Klikk for stort bilete Igor Starkov/Unsplash

I desse dagar får 1.- 3. steg informasjon om, og utdeling av, Ipad i skulane. I Hareid har vi over ein to-årsperiode rusta skulane digitalt, og har no nådd målsetjinga om såkalla 1:1-skule når det gjeld digitale reiskap for elevane (chromebook i ungdomsskulen og Ipad i barneskulen). Dette er vi stolte av i Hareid.

Den digitale utviklinga krev at vi byggjer kompetanse både blant dei tilsette og elevane våre. Skulane skal inn i ei fagfornying der det digitale er ein del av dette. Målsetjingane i faga krev digitale hjelpemiddel. I læreplanverket er digitale ferdigheiter ein av fem grunnleggande ferdigheiter.

Skapande aktivitetar, leik og samarbeid

I Hareid er vi opptatt av at lærarane skal ha kompetanse til å ta i bruk Ipad på ein god pedagogisk og gjennomtenkt måte, knytt til kompetansemåla i faga, og verdiane i den overordna delen. Vi har i dag etablerte nettverk for lærarane på 3.-10. steg, der pedagogisk bruk, modellering og kollegalæring står i fokus.

Lærarane på 1.-2. steg skal dette året gjennom ei skulering med bidrag frå Kreasjon AS. Desse har vi gode erfaringar med, og dei vil lose oss gjennom denne opplæringa. Fokuset ligg på skapande aktivitetar der elevaktivitet, leik og samarbeid er i fokus. Elevane vil også møte rettleiarar frå Kreasjon der Kreasjon skal modellere ein skuledag saman med elevgruppa, og lærarane får vere andrelærarar og observatørar. Dette blir spennande dagar for både store og små.

Ikke erstatning for blyant og bøker

Sjølv om vi innfører Ipad skal ikkje denne erstatte lærebok og blyant, men skal vere noko anna «i tillegg til», som kan gjere undervisninga meir motiverande gjennom til dømes å lage digitale tankekart, lage digitale bøker, filmar osb.

Døme kan vere: Dersom elevane skal lære seg årstidene, kan dei ta bilete av eit spesielt tre gjennom dei ulike årstidene og setje dette saman til ein film som viser visuelt korleis treet har enda seg. Har elevane om bokstaven S på skulen kan dei gå rundt på skuleplassen å ta bildet av alle ting som har bokstaven S i seg. Når ein kjem inn på klasserommet kan ein setje dette saman til ei bok eller eit tankekart som ein kan vise til læringspartnaren sin eller klassa. På den måten byggjer ein samarbeid og språk saman med det digitale knytt til kompetansemåla.

Kan ikkje laste appar sjølve

Elevane sin Ipad er knytt til ein kommunekonto som blir administrert gjennom sektoren og SSIKT. Elevane kan ikkje sjølve laste ned appar. Appane som elevane får tilgang til, er gjennomtenkt kollektivt i kommunen gjennom leiargruppa og IKT-ressurslærarar. Skulane i samarbeid, har også laga kommunale reglar for bruken av Ipad i klassen, og kontrakter som heimane må skrive under på. Er det noko du lurer på kring dette, er det berre å ta kontakt med rektor på skulen. 

Lukke til med skulearbeidet komande år, anten det er på papir, i bøker, på chromebook eller Ipad.