Seks nye smittetilfelle i Hareid kommune

Mellom anna har to elevar – ein på Hareid ungdomsskule og ein på Hareid skule testa positivt på covid-19.

 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Trinna elevane går på og tilsette blir hurtigtesta. Testinga på ungdomsskulen er avslutta. Her var det ingen nye positive. Trinnet på barneskulen blir testa heime i dag, fredag. Dei tilsette på trinnet har testa seg og alle testa negativt.

Totalt er det registrert seks nye smitta i Hareid kommune dei siste dagane:

  • Dei to elevane pluss eit tilfelle til – dei tilhøyrer alle same husstand
  • To smittetilfelle som er knytt til eit tidlegare smittetilfelle
  • Eitt uavhengig smittetilfelle.

Husstandsmedlemmane til dei smitta har følgt anbefalingane om å gå i karantene.

Frå 26. september er det ikkje smittetal åleine som skal avgjere eventuelle nye tiltak. Viktigare er «sjukdomsbyrda» og kapasiteten i kommunane. Vi reknar med at det vil kome fleire smittetilfelle i Hareid kommune enn det vi er vande med, men sidan dei fleste er fullvaksinert – og dei yngste aldersgruppene som ikkje er vaksinert stort sett toler koronaviruset godt, er det ikkje grunn til å uroe seg.

Hald deg oppdatert på koronasituasjonen i Hareid kommune på vår koronaportal.