Sikrar vassforsyninga i Hareid

Arbeidet som pågår ved Hammarstøylvatnet i desse dagar er eit viktig tiltak for å trygge vassforsyninga i Hareid kommune.Biletet viser ei grøft med to nye røyr, gravemaskin og lastebil. - Klikk for stort bileteDet blir no lagt inn to nye inntaksrøyr til drikkevasskjelda i Hareid kommune, Hammarstøylvatnet. Øyvind Vassbotn  

Klikk for stort bileteHammarstøylvatnet er tappa ned om lag tre meter for å gjere arbeidet enklarer og tryggare. Øyvind Vassbotn  Sjølv om vassverket lenge har hatt to inntaksleidningar i Hammarstøylvatnet har vi til no berre hatt eitt rør gjennom sjølve damkrona, dette røret er i tillegg gamalt og av ukjent kvalitet. For å redusere risikoen ved eit eventuelt brot i dette røret vert det no lagt to nye rør inn i dammen for å erstatte det gamle.

Røra vert bora inn gjennom fjellet på sida av det gamle. Dette gjer vi for å kunne oppretthalde vassforsyninga gjennom arbeida og for å sleppe å grave i sjølve demninga med den risikoen det inneber.

Samstundes med dette arbeidet nyttar vi også høvet til å skifte ut ei av inntaksleidningane uti vatnet. Ventilhuset, tidlegare silkammer, som i dag står ute i vatnet, vert også fjerna og erstatta med eit tilsvarande bygg på utsida av demninga for å lette vedlikehaldet.

Det vert også nytta høve til å rydde opp i gamle leidningar i vatnet som ikkje lenger er i bruk. For å kunne gjennomføre arbeida sikkert er vatnet nedtappa om lag 3 meter.

Aurvoll og Furesund er entreprenør på prosjektet, som truleg vil vere ferdig i oktober.