Dei fire barnehagane i Hareid vil i perioden 26.11 til og med 07.12 vere med på Trygg Trafikk sin kampanje Sikring av barn i bil 2018.
Undersøkingar og ulykkesstatistikken viser at det står heller dårleg til med sikring av barn i bil.
Trygg Trafikk opplyser m.a. dette:
- 14 av 15 barn mellom 0 og 4 år,som vert skada i bil, vert skada grunna dårleg eller feil sikring
- Mange barn er feil sikra grunna at dei har på for mykje kle i bilen
- Ved frontkollisjon er det er 5 gongar sikrare for barn å sitje bakoverlent i bilen
Trygg Trafikk har vore i kontakt med politiet i distriktet og dei vil følge opp med kontroll av korleis barn vert sikra i bil.
I barnehagane vert det utdelt brosjyrar i tillegg til at det vert sett opp pop-up-søyler ved kvar inngang.
Les meir på Trygg Trafikk sine sider.
Publisert 23.11.2018 14:19
Sist endra 23.11.2018 14:23