Sivle, vestlandsvegar og redesign på biblioteket

Det er noko av det du kan få høyre meir om på biblioteket i løpet av mai månad.

Halvor Folgerø skal ta oss med på tur langs vestlandsvegane. 

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.

Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.

Fyrst ut er Per Sivle-kveld onsdag 11. mai, kl. 19.

Tidlegare kommunelege i Hareid, Kjell Einar Ljones, møtte Per Sivle sine dikt og fortellingar på Voss i sin ungdom. Sidan har han aust av denne kjelda for seg sjølv og til glede for andre. Elles medverkar Lindis Eliassen, Ulstein Mannskor, Ingrid Nerhoel, Vibeke Holstad og Ingmar Mork med diktlesing, song og musikk.
Desse litteraturkveldane har samla fullt hus, så det løner seg å vere tidleg ute.

Dagen etter, torsdag 12. mai, vert det lunsjarrangement med Halvor Folgerø med start klokka 12. Han kjem for å halde foredrag om farlege og spektakulære vegstrekk på Vestlandet, med fokus på Sunnmøre har han lova.  I dag er mange av skrekk-vegane erstatta av tunellar. I foredraget tek Halvor Folgerø oss med på ei reise tilbake i tid og på utsida av tunellane, til både berykta og berømte vegar. Halvor Folgerø er journalist, musikar og forfattar frå Stord og har vore tilsett i NRK i ei årrekke.

Siste arrangement på biblioteket i mai er Redesign med Christine Schwarz tysdag 25. mai, kl. 17.00. Christine kom ut med boka «Redesign - sy fantastiske klede av loppisfunn og gamle plagg» i fjor og er populær på Instagram under profilen "Silke og dynamitt".  Ho vil vise korleis du kan sy om kleda dine eller sy nytt av gamle tekstilar og skape ei miljøvennleg og unik garderobe.

Alle arrangementa er gratis og ope for alle. Vil også minne om at biblioteket har teleslynge.