Sjå Hareid frå ovan

Lurer du på korleis reguleringsplanen ser ut der du bur? Eller kor djupt det er rett utanfor brygga? No har vi samla fleire viktige kart over Hareid på ein stad.

Klikk for stort bileteSlik ser reguleringsplanen for Brandal ut. På kart-sida kan du sjå mange forskjellige kart.

Hareid kommune har ei lang rekke med kart som viser korleis kommunen vår ser ut frå ovan. Her finn du mellom anna kart over havbotnen, gamle flyfoto, reguleringsplanar og brøyteroder.

Ta ein titt her og sjå om du lærer noko nytt om kommunen vår.