Sjå kven som skal representere Hareid i fylkesfinalen i UKM

Juryane for scene og kunst hadde ei utfordrande oppgåve med å velje ut kven som skal representere Ulstein og Hareid under fylkesfestivalen i Kristiansund 3.-5.mai.

Klikk for stort bileteBandet Brøytekant frå Hareid består av Adrian Røren, Even Bjåstad, Johannes Bjåstad, Johannes Kristiansen og Matias Brandal Victoria Myklebust

- Vi set stor pris på innsatsen til dei sju som sat i scenejury og dei tre som sat i kunstjury, seier arrangørane frå Hareid Klikk for stort bileteLiv Ellen Overå og Svenning Veiseth spelte og sang Think of me frå musikalen Phantom of the Opera. Mona Våge og Ulstein.Juryen har kriterier som må følgast. UKM (Ung kultur møtes) er ingen konkurranse, men ein arena for å vise det kulturelle mangfaldet i kommunane. Medan aldersgrense for lokalmønstring er frå 10-20 år, er det berre dei som blir 13 i år og opp til 20 år som blir vurdert for fylkesfestival. Her kan du sjå bilete frå alle scene- og kunstinnslaga.

Følgande har scenejury valt vidare for å representere kommunane:

HAREIDKlikk for stort bileteUfokusert består av Emma Sævik. Henrik Stave, Ludvik Brune Leikanger, Marius Osborg og Svenning Veiseth. Mona Våge

Ufokusert med låta «Special» (sjølvlaga)

Liv Ellen Overå og Svenning Veiseth med låta «Think Of Me»

Brøytekant med låta «Forelska i lærer`n/TNT»

Pluss FILM/MUSIKKVIDEO: «BFF» av og med Stine Longva Veddegjerde og Martine Brandal Haugen

ULSTEIN

Pink Guitar med låta «You Give Me» (sjølvlaga)

Emile Ngoy (sjølvlaga dans)

Åsa Hauge, Ida Brevik og Thomas Frekøy Skeide med låta «Love Like This»

 

Følgande har kunstjuryen valt vidare: Klikk for stort bileteMaria Bjåstad Hustadnes har teikna Queen-vokalist Freddy Mercury Zahraa Al-azzawi

HAREID

Maria Bjåstad Hustadnes med «Freddie Mercury» (blyantteikning)

Pritty Ravi med «Sannheten bak masken» (akvarellmåling)Klikk for stort biletePritty Ravi har måla verket Sannheten bak masken Zahraa Al-azzawi

Martine Brandal Haugen med «Stjernenatt» (akrylmåling)Klikk for stort bileteMartine Brandal Haugen har måla Stjernenatt Zahraa Al-azzawi

ULSTEIN

Nikoline Moldskred med «Utan tittel» (akvarell)

Marius Stadeløkken med «Utstillingsobjekt» (installasjon)

Johannes Sæter Gurskevik med «Fire årstider» (foto, serie)

 

I tillegg har arrangørane høve til å nominere 1-2 kandidatar innanfor UKM Media, konferansier og ung arrangør. Det er arrangør av fylkesfestival som avgjer kven av dei nominerte som får delta. Dette får ein svar på om eit par veker.

KONFERANSIER:

Elise Bergseth (Hareid)

Synnøve Rabben (Ulstein)

Ung arrangør:

Anders Pilskog (Hareid)

Anna Natalie Ballo Hov (Ulstein)

Amanda Osnes Låbakk (Ulstein)

UKM Media:

John Arne Apelseth (Hareid)

Mona Våge (Ulstein)

Victoria Myklebust (Ulstein)