Sjekk postkassa og svar på innbyggarundersøkinga!

No er innbyggarundersøkinga på veg til di postkasse. Hjelp Hareid kommune til å bli ein betre kommune ved å svare du også!

Klikk for stort bileteAlle husstandar i Hareid får eit postkort med oppskrift på korleis du svarar på undersøkinga, og to passord som kan nyttast. Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

Det er andre gongen Hareid kommune spør alle innbyggarar over 18 år* om kva dei meiner om tenestene våre og korleis det er å bu i kommunen. Svara vil både administrasjon og folkevalde nytte når vi skal leggje planar for utvikling av kommunen.

I år blir det særleg spennande å sjå om vi har klart å forbetre oss sidan sist undersøking i 2019.

Det viktigaste er uansett at flest mogleg svarer. Dess fleire svar, dess viktigare verktøy vil undersøkinga vere.

I 2019 fekk vi inn rundt 850 svar, det vil seie ein svarprosent på om lag 20. Det håpar vi at vi klarer å slå i år, så ikkje nøl, send inn eit svar du også.

Manglar du passord, eller ikkje fått kort i postkassa di (innan fredag 30. april)?

Send ein e-post til vivilvite@hareid.kommune.no eller send oss ei melding på Facebook.

* fyller 18 år i løpet av 2021