Sjukeheimen framleis stengt på grunn av magevirus

Sjukeheimen er framleis hardt råka av norovirus. Vi har no tilfelle både på kortidseininga, bueininga og leilegheitene. Verst råka er kortidseininga.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

 


Noroviruset gir kraftig mage/tarminfeksjon med kvalme, oppkast og diaré. Viruset er svært smittsomt og samstundes toler det godt varme/kulde og reingjerings- og desinfeksjonsmidlar

Det er derfor naudsynt å stenge dagsenteret og avlyse all ekstern aktivitet (frisør, underhaldning, kinoframsyning m.m.). Brukarane på dagsenteret vil bli kontakta av tilsette. Matsalen vil også vere stengt framover. Tilsette ved dagsenteret skal vere med å hjelpe med matservering i leilegheitene.

Sjukeheimen vil halde fram med å vere stengt for besøkande. Det vil bli gitt unnatak i spesielle høve, til dømes for dei som får terminal pleie. Pårørande kan ta kontakt med eininga dersom dei har spørsmål.

Omsorgsbustadane på Hadartun er ikkje stengt for besøkande, men med ein framleis ustabil situasjon mht norovirus der erfaring syner lett og langvarig smitte (også etter 48 timar) ønsker vi at besøk blir avgrensa. Det er krevande å handtere og vi ønsker forebygge nye tilfeller så godt som råd. Dette til det beste for eldre/skrøpelege og for helsepersonell som skal oppretthalde drifta.

Alle som har hatt omgangsjuke/diare eller liknande må vente i 48 timar etter at dei har blitt friske før dei besøker sine nære. Hugs god handhygiene.