Sjukeheimen «opnar» etter noro-utbrot

Pårørande og andre kan no igjen besøke bebuarane på sjukeheimen.

Klikk for stort bilete Erlend Friestad  

OPPDATERING 18. februar: Vi kan endeleg formidle at situasjonen knytt til noroviruset er stabil. Frå laurdag 22. februar går vi over til "vanleg" koronadrift slik at bebuarane igjen kan samlast til måltid i matsalen. Dagsenter for eldre og psykiatri opnar til koronadrift 22. februar.

Hareid sjukeheim har vore stengt i over to veker på grunn av eit utbrot av noro-viruset. Viruset gir kraftig omgangssjuke og er svært smittsamt. Både brukarar og tilsette har blitt sjuke. Vi opnar no for at pårørande igjen kan kome på besøk.

LES OGSÅ: Oppdaterte besøksrutiner på sjukeheimen

No er det dei «vanlege» besøksrutinene som gjeld under koronapandemien de må følgje. Det vil seie inntil to besøk per veke, med maks fem besøkande totalt på dei to besøka. Vi oppmodar alle besøkande til å vere meir varsame enn elles, særleg om de har vore i nærleiken av folk med omgangssjuke dei siste dagane.

Handvask med såpe og vatn er obligatorisk før de går inn på avdelingane.

Dagsenter og matsal vil framleis vere stengt.

Omsorgsbustadane på Hadartun er ikkje stengt for besøkande, men med ein framleis ustabil situasjon, ønsker vi at besøk blir avgrensa. Vi vil ta ein ny vurdering av matsal, dagsenter og omsorgsleilegheitene over helga.

LES OGSÅ: Samleside for informasjon om omstillingsprosessen på sjukeheimen