Skader på fotballhallen etter kraftig vind

Vinden har natt til tysdag skada konstruksjonane på fotballhallen. Entreprenør er i gang med sikring.

 

Klikk for stort bileteBærekonstruksjonane til fotballhallen er skada etter kraftig vind. Hareid kommune   

Klikk for stort bilete Hareid kommune Klikk for stort bilete Hareid kommune

Fleir av stålkonstruksjonane er vridd og bøygd. Totalentreprenør og underentreprenør er på plass for å sikre området og kartlegge skadene. Bygget er forsikra og det er bestilt takst.

Foreløpig veit vi ikkje kva konsekvensar skadane vil ha for framdrifta av bygginga, men det kan sjå ut som om heile stålkonstruksjonen må takast ned og byggast opp igjen.

Det vil bli eit ekstraordinær byggemøte om framdrift onsdag 9. oktober.

Ingen personar er blei skada. Vi vil presisere at det er svært farleg å bevege seg inn på området.