Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!
Tre-fire gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.
Du vil få informasjon om møta i dei folkevalde organa, bli oppdatert på koronasituasjonen, oversikt over ledige stillingar og andre hendingar i kommuenen.
Trykk på denne lenka for å gå til påmeldingssida.
På valdagen kan du røyste i alle vallokala i kommunen.
Dersom du er sjuk med luftvegsinfeksjon eller i karantene, skal du ikkje røyste inne i ordinært vallokale. Du skal helst dra til den særskilde røystestaden utanfor rådhuset – les meir om den her. Dersom det er kapasitet i krinsen, kan du få røyste utandørs der.
Uavhengig av om du er sjuk eller frisk: Hald avstand og sprit hendene dine før du går inn i røysteavlukket.
Røystestad: Brandal friskule, gymsalen. Nytt inngang mot skuleplassen
Opningstid: Klokka 13-19
Parkering: Det er mogleg å parkere på skuleplassen for personar som er rørslehemma.
Andre bør parkere i nærområdet eller gå.
Kva må du ha med: Du må ha med legitimasjon for å kunne røyste. Døme på akseptert legitimasjon er sertifikat, bankkort med bilete, pass og nasjonalt ID-kort. Anna legitimasjon må vurderast av valfunksjonær. Minimumskravet er namn, bilete, fødselsdato og «offisielt preg».
Du treng ikkje å ha med valkort. Les kvifor her.