Skal du røyste på Hareid?

Her kan du lese kvar vallokalet er, når det er ope og kvar du kan parkere.

Erlend Friestad  

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen - trykk her!

Eit par gongar i månaden, og ved særlege hendingar, sender vi ut nyheitsbrev. Til no har vi om lag 600 abonnentar, i tillegg til alle tilsette.

I nyheitsbrevet får du mellom anna dei viktigaste nyheitssakene og påminningar om viktige fristar.

På valdagen kan du røyste i alle vallokala i kommunen.

Dersom du er sjuk med luftvegsinfeksjon eller i karantene, skal du ikkje røyste inne i ordinært vallokale. Du skal helst dra til den særskilde røystestaden utanfor rådhuset – les meir om den her. Dersom det er kapasitet i krinsen, kan du få røyste utandørs der.

Uavhengig av om du er sjuk eller frisk: Hald avstand og sprit hendene dine før du går inn i røysteavlukket.

Røystestad: Hareid rådhus, gamlebiblioteket. Nytt inngang frå Bankplassen.

Opningstid: klokka 09-21

Parkering: Det er 30 minutt gratis parkering på Bankplassen på plassane som ikkje er reserverte. Er det fullt her, kan også parkeringsplassen mellom rådhuset og fergekaia nyttast (også denne er gratis i 30 minutt for veljarar). (Gratisrordninga gjeld berre på valdagen).

Kva må du ha med: Du må ha med legitimasjon for å kunne røyste. Døme på akseptert legitimasjon er sertifikat, bankkort med bilete, pass og nasjonalt ID-kort. Anna legitimasjon må vurderast av valfunksjonær. Minimumskravet er namn, bilete, fødselsdato og «offisielt preg».

Du treng ikkje å ha med valkort. Les kvifor her.