Skal Hareid kommune bli miljøfyrtårn-kommune?

Det er ein av sakene som skal opp i møtet Næring- og miljøutvalet 26. februar.

Klikk for stort bileteMonumentet på Overåsanden Victoria Ernstsen/Hareid kommune

Miljøfyrtårn er eit norsk, offentleg sertifikat. Bedrifter og verksemder som går gjennom ei miljøanalyse og deretter fyller definerte bransjekrav, vert sertifiserte som Miljøfyrtårn.

I utgangspunktet kan alle typar verksemder i kommunen sertifiserast, også kommunale verksemder som skular, barnehagar, sjukeheimar osb. Før ei verksemd kan verte miljøfyrtårnsertifisert må kommunen der verksemda held til, ha gjort eit politisk vedtak der kommunen forpliktar seg til å ha ein Miljøfyrtårnansvarleg, ha tilstrekkeleg sertifisørkapasitet og betale ein årleg kommunelisens. Normalt er kommunen den instansen som sertifiserer verksemdene.

Det å verte ei miljøfyrtårnkommune, vil generelt sett kunne verte ei hjelp for kommune og verksemder, med tanke på å oppnå ei meir miljøvenleg drift. På den andre sida er det også tvillaust at kommunen får plikt og ansvar gjennom denne sertifiseringsordninga og at dette igjen vil føre til kostnader for kommunen.

Det er likevel slik at kommunen bør vurdere å verte ei Miljøfyrtårnkommune, dersom dette er noko som vert etterspurd av aktørane i det lokale næringslivet. I det høvet har det vore gjennomførd ein presentasjon av ordninga og ei høyring hjå Hareid Næringsforum. Spørsmålet vart drøfta av årsmøtet i foreininga 7. desember 2018 og fråsegna frå møtet var eintydig i at det lokale næringslivet allereie og i stor grad har dekt sine sertifiseringsbehov gjennom tilsvarande ordningar og at det såleis ikkje er trong for ytterlegare ordningar i høve miljøsertifisering.

Med bakgrunn i dette tilrår rådmannen at Hareid kommunestyre vedtek å ikkje verte sertifisør for Miljøfyrtårnordninga i denne omgang, grunna liten etterspurnad etter ordninga i næringslivet, samt utfordringar i høve kapasitet og økonomi i kommunen. Hareid kommunestyre vil vurdere å handsame spørsmålet på nytt, når tilhøva måtte ligge til rette for det.

Sjå heile saksframlegget og resten av saklista her.

Møtet blir heldt på Rådhuset - kommunestyresalen, for tida i Myravegen 11. kl 15.