Skulane i Hareid har fått mange nye medarbeidarar!

Erfaringane kvar og ein har med seg vil vere til stor verdi for både miljø, fagutvikling og undervisning ved både skule og SFO i Hareid.
Bilete av skuletavle med skrift og figurar. - Klikk for stort bilete

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid ungdomsskule
Bilete av 3 kvinner og 2 menn . - Klikk for stort bilete Hareid ungdomsskule

Frå venstre: Nikoline Lillestøl Moltu, Marte Vartdal, Camilla Myrene, Fredrik Andresen og Sondre Skrede.

Vi fekk ikkje tid til noko lengre intervju, men fekk teke dette flotte biletet og samla nokre "Fun facts" :)
Fredrik:
«Veldig glad i «spa» dag heime. Ansiktsmaske og skrubb er fantastiske greier»
Marte: "Uansett årstid, vil eg alltid gå/stå på ski".
Nikoline: «Eg er livredd for fuglar😅»

Velkomne alle 5 til Hareid kommune og Hareid ungdomsskule!

Bigset skule/SFO

Daniel Ferking Hasund er tilsett som ny barne- og ungdomsarbeidar ved Bigset skule/SFO.


Daniel har tidlegare arbeidd både i barnehage, i vidaregåande skule og med born og unge med særskilde behov. No er han klar for nye erfaringar, og synest det er spanande å no få jobbe i grunnskulen.

Daniel er busett i Ulsteinvik, men er oppvaksen på Hareid. Som far til to små gutar har han til vanleg ingen problem med å få fritida til å gå, og ettermiddagar og helgar vert gjerne nytta ute på tur i skog og mark.

Men skulle det vere at han har nokre timar for seg sjølv, set han gjerne av litt tid til gaming.

Vi gler oss over å ha fått Daniel med oss på Bigset skule!

Bilete av mann som sit på benk - Klikk for stort bilete Bigset skule

Hjørungavåg skule

Ingrid Svendsen Holstad er tilsett som ny lærar ved Hjørungavåg skule der ho i år har 1. klasse.


Ingrid har tidlegare arbeidd i Ulstein kommune. Ho har vakse opp på Hareid og bur no i kommuna. Som mor til tre born i alderen 2-7 år er timeplanen relativt full, men har ho ei ledig stund likar ho godt å ta seg ein tur ut i naturen.

Ingrid er ei blid og aktiv dame. Ho har tidlegare spelt fotball og likar å symje og drive med dykking. Ingrid har alltid likt å reise og har budd både i Mexico og i Australia.

Vi er veldig glade for at ho no er ein del av Hjørungavåg skule!

Bilete av smilande kvinne. - Klikk for stort bilete Hjørungavåg skule

Hareid skule

Kristoffer Gaasholt er tilsett som lærar ved Hareid skule.
 

Kristoffer er 32 år. Fjord, fjell, natur - og seinare eit fint hus med hage, gjorde at han saman med sambuaren flytta frå Bergen til Ålesund vinteren 2020.

Han bur på Emblem og unngår bompengane i Ålesund ved å ta turen til Hareid i staden. Med bil til Sulesund og resten av vegen til fots om bord i ferga, vert turen til Hareid nesten gratis - noko som gjer Hareid til ein attraktiv arbeidsplass.

Kristoffer har i Ålesund kommune arbeidd både som kontaktlærar, faglærar og med spesialundervisning på ulike trinn i barneskulen. På Hareid er han ein av kontaktlærarane på 6. trinn og trivast godt der. På fritida likar han fjellturar og har nyleg starta med klatring. 

Hjarteleg velkomen til oss på Hareid skule! 

Bilete av man med natur i bakgrunnen. - Klikk for stort bilete Kristoffer Gaasholt

Hjørungavåg skule

Skulen har fått to nye assistentar ved skule og SFO.

T.v.: Siv Renate Larsen
Siv Renate har to born og er relativt nygift. Ho er glad i yoga, likar å reise og sjå nye stader – kanskje ikkje så rart då at ho har ein bachelor innan Turisme og reiseliv. Tidlegare jobba ho som reisekonsulent i 7 år, men planlegg no å ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar som privatist. Siv Renate har jobba i kommuna sidan hausten 2020.

T.h.: Norunn Mundal
Norunn kjem frå Larsnes, men bur no på Bigset med sambuar, to born og ein hund. Ho likar godt friluftsliv og søv gjerne ute i hengekøye. Norunn har tidlegare arbeidd i Bigset barnehage og håpar på å ta fagbrev i barne- og ungdomsarbeid i løpet av skuleåret. 

Vi er SÅ glade for å ha desse to med på laget!