Skuleapp opna igjen

Skule-appen Tieto EDU har vore midlertidig stengd. No er den opna igjen.

Klikk for stort bilete  

Appen blei stengd då det blei oppdaga at meldingsfunksjonen ikkje har vore stabil. Samstundes har det vore medieoppslag om svakheiter i forskjellige apper som nyttast i heim- og skole-kommunikasjon. Mellom anna har det blitt avdekka at utanforståande har fått tilgang på informasjon.

Tieto valde å vere føre var og stengde appen for å analysere informasjonstryggleiken i appen.

No er appen opna igjen då den reknast for å vere trygg.