Skuledag som normalt på Hjørungavåg tysdag

Den eine personen som blei stadfesta smitta denne helga, er elev ved Hjørungavåg skule.

Klikk for stort bilete 

Sidan eleven etter alt sannsyn blei smitta i påskeferien, er det ikkje grunn til å stenge skulen eller halde klassar heime.

Denne eleven har ikkje vore på skule sidan før påske, og det er derfor ingen grunn til å tru at det er uoppdaga smitte i elevmiljøet på grunn av dette smittetilfellet. Eleven blei ikkje testa på grunn av symptom, men fordi vedkomande bur saman med ein person som fekk påvist smitte søndag.

Personar som har vore i kontakt med dei som er smitta eller er nærkontaktar av desse, må i smittekarantene eller ventekarantene. Dei er kontakta av smittesporingsteamet og har fått beskjed om at dei ikkje kan gå på skule eller arbeid.