Slik blir 17. mai i Hareid kommune

Her er programmet for nasjonaldagsfeiringa.

Klikk for stort bilete17. mai-toget på Hjørungavåg i 2019. 

Årets nasjonaldagsfeiring blir ikkje som den plar på grunn av koronapandemien. Vi trur likevel at dagen kjem til å bli fin. Her er programmet for Hareid kommune – det blir ingen store arrangement, men korpsa og kora kjem til å spele og synge fleire stader i kommunen. I tillegg har vi fleire kjekke digitale «happeningar».

SMITTEVERNPÅMINNING: Hald alltid minst ein meter avstand til andre enn dei du bur med. Private har lov å samle inntil 20 menneske dersom ein kan halde nok avstand. Arrangement på offentleg stad, med ansvarleg arrangør, stad kan ha 50 deltakarar. Les meir om 17. mai-reglane her.

Del dine 17. mai-bilete og filmar med oss!


FELLES

10:00: Appell frå ordførar Bernt Brandal. Blir sendt på Hareid kommune si Facebook-side og nettside.
11:00: Påmeldingsgudsteneste i Hareid Kyrkje. Maks 50 personar. Påmelding til kyrkjekontoret. Gudstenesta blir sendt direkte på Hareid kyrkje si Facebook-side.
12:00: Premiere på musikkvideoen frå digitalt bygdekor. Sjå Hareid kommune si Facebook-side og nettside.
13:00: Heile Noreg syng Ja, vi elskar. Vi syng og spelar nasjonalsongen frå hagane våre. NRK sendar.
13:00: Bilkortesje gjennom kommunen. Oppmøte utanfor ungdomsskulen. Sjå Facebook-gruppa Nye Hareid for meir informasjon.
15:00: Nettkonsert med Hareid musikk og kulturskule. Blir sendt på kulturskulen si Facebook-side og nettside.
20:00: Kavalkade med bilete og filmsnuttar frå dagen. Blir sendt på Hareid kommune si Facebook-side og nettside.

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen?
Meld deg på nyheitsbrev her.

BRANDAL

08:00: Flaggheising i Brandal
09:00: Salutt i Brandal
10:30: Vandrande korpsmusikk i Brandal. Brandalskoret syng i sentrum når korpset er ferdig.

BIGSET

08:00: Flaggheising på Vonheim. Bigset skulekorps spelar. 
11:30: Bigset skulekorps spelar i Geilane.
13:00: Vi syng nasjonalsongen. Bigset skulekorps spelar ved flaggstonga på Bigset skule.

HJØRUNGAVÅG

08:00: Flaggheising ved Hjørungavåg skule
08:00: Salutt ved Hjørungavåg brass
11:00: Skulekorpset marsjerer frå bedehuset mot Pilskog og spelar rundt Engane og Pilskogane. Brassen spelar ved Steinarløa (kl. 11), Korshamna (11:30) og Overåsanden (kl 12)
12:30: Brassen og skulekorpset møtast ved leikeplassen.
13:00: Vi syng nasjonalsongen. Etterpå spelar korpsa ulike marsjar. Appell ved Stein Karstensen

HAREID

10:15: Song og blomsternedlegging ved bysta av Johan H. Grimstad i Hareid sentrum. Song av Arild Grimstad
10:30: Kransing av minnesteinane ved Hareid kyrkje. Flaggborg ved speidarane, tale ved Anders Riise og song av Arild Grimstad 
12:30: Korps og kor ved Hareid sjukeheim og Hjellebakken. Blomsteroverrekking. Nasjonalsongen kl. 13.

Sjå og høyr innslag frå 17. mai-feiringa i Hareid kommune her:

Hareid kommune: facebook.com/hareidkommune og hareid.kommune.no
Det skjer i Hareid: facebook.com/detskjerihareid
Bygderadio Vest: FM 107,8, DAB og nettradio
Sunnmøre Live: Riks-TV kanal 52, Get kanal 32, Telenor kanal 126, slive.no og Sunnmøre live si facebookside
Tussa si 17. mai-sending: Institusjonar med avtale kan sjå sendinga på kanal 999. Reprise heile veke 21 Delar av sendinga blir sendt på Sunnmøre Live (sjå over).

Vil du ha nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen?
Meld deg på nyheitsbrev her.