Slik gir vi deg trygt og reint drikkevatn

Det har vore eit stort fokus på drikkevatn og kvaliteten på drikkevatnet dei siste vekene.  Vi ønskjer difor å informere innbyggjarane litt om korleis Hareid kommune jobbar med å gi innbyggjarane reint og trygt drikkevatn.

Klikk for stort bilete

Vatnet som kjem frå råvasskilda vår vert reinsa i vassbehandlingsanlegget vårt gjennom ein prosess som heiter Moldeprosessen. Det betyr at vatnet vert reinsa gjennom å tilføre vatnet jernklorid for utfelling av humus, så sendast vatnet gjennom djupe filter som består av lag med mellom anna antrasitt, kvartssand og marmor før det så gjennomlysast med UV-lys for å drepe eventuelle bakteriar. Moldeprosessen er nytta på mange vassverk i Norge og er også den reinseprosessen Ålesund kommune har valt til det nye reinseanlegget sitt som dei skal bygge i Ålesund. 

Når vatnet er reinsa er det klart til å sendast ut til abonnentane i kommunen. Dette gjerast gjennom distribusjonsnettet som består av offentlege vassleidningar og høgdebasseng. 

Eit høgdebasseng tener fleire føremål. Det sørger mellom anna for å jamne ut variasjonar i vassforbruket, det kan sørge for jamt trykk i overføringsleidningar og det kan sørge for vassforsyning til abonnentane ved til dømes brot på leidningane.

I Hareid kommune har vi tre basseng. Eit oppe ved vassbehandlinganlegget, eit i Brandal og eit i Vadbakken. Bassenget ved vassbehandlingsanlegget vart bygd samtidig med vassbehandlingsanlegget. Bassenget i Vadbakken vart bygd i 1995 og satt i drift i februar 1996 og bassenget i Brandal vart satt i drift i 2002. Vi har altså relativt nye høgdebasseng i Hareid kommune. 

Høgdebassenga ved vassbehandlingsanlegget og i Brandal har kontinuerlig sirkulasjon og her vert vatnet bytta ut kvar dag. Høgdebassenget i Vadbakken har ikkje kontinuerlig sirkulasjon. Dette høgdebassenget er berre i bruk dersom det oppstår situasjonar med svært stort forbruk. Ein slik situasjon har ikkje oppstått i år. Dette høgdebassenget vert difor manuelt tappa ned med jamne mellomrom. Det vert teke rutinemessige prøvar av høgdebassenget på Vadbakken. Då det er mindre sirkulasjon i dette høgdebassenget, tilpassar ein den manuelle tappinga til dei nyaste prøvesvar føreligg frå laboratoriet. På dei to andre høgdebassenga med dagleg full utskifting tek ein ikkje prøve i sjølve høgdebassenga, men ein har faste prøvepunkt på nettet rett etter høgdebassenga slik at ein kan fange opp eventuelle forureiningar ved rutineprøvar.  

Det er forskrift om vassforsyning og drikkevatn (drikkevassforskrifta) som bestemmer korleis vi skal teste drikkevatnet vårt. Det kom ny forskrift 01.01.18. I den nye drikkevassforskrifta var det nye krav til prøvetaking. Etter den nye forskrifta var kravet til prøvetaking for Hareid kommune redusert samanlikna med det tidligare regelverket. Vi valde likevel å oppretthalde den allereie innarbeida praksisen. Resultatet er at Hareid kommune testar båe oftare og etter fleire parametrar enn kva drikkevassforskrifta sett krav om. I tillegg har vi vårt eige lille laboratorium på vassbehandlingsanlegget som vert nytta til stikkprøvar. Desse kjem i tillegg til standardprøvane våre. 
Prøvetakingsplana vart sendt på høyring til mattilsynet 14.12.17. I tilbakemeldinga frå Mattilsynet, datert 26.01.18, hadde dei ikkje nokon merknadar til prøvetakingsplana vår. 

Krava til kor ofte ein skal teste og kva ein skal teste for avhenger av kor mange kubikkmeter vatn vi produserer per døgn, risiko- og sårbarheits-analyse (ROS) av vassbehandlingsanlegget med tilhøyrande distribusjonsnett, samt prøveresultat dei siste 3 åra. ROS-analysen vår, utarbeida i samband med ny beredskapsplan for vassbehandling i Hareid kommune, godkjent 2018, syner ingen raude risikoområder. Prøvane teke dei siste tre åra er langt innanfor tillate område. I henhold til drikkevassforskrifta § 21 (4)(b) jf § 19 scorar ein difor svært lågt på risiko. 
Det er ikkje funne bakterier korkje i høgdebassenga eller i dei offentlege leidningane i Hareid kommune.